lørdag 25. desember 2010

Årets juegåver; russesokker og selbuvotter

Det gjekk for det meste i sebuvotter og russesokker i år når eg skulle laga julegåver, men det verkar som dei blei godt tatt imot!

Eit utval av det eg strikke til jul!

Julegåve 1; rosa russesokker og selbuvotter

Julegåve 2; fleirfarga selbuvottar og russesokkar
Julegåve 3; Selbuvottar og russesokkar

Julegåve 4, kvite og blå selbuvottar
Desse selbuvottane har så utruleg fin passform,
eg bølir nok nødt til å strikke slike til meg sjølv også!

Det er framleis eit par ting eg har att å visa dykk, men dette for halde for no ;) Det vil bli ein litan bloggpause nå framover, for eg og kjærasten min pakkar kofferten og reisar til CUBA! :D


Vi bloggast når eg kjem att!
(håpar det er om 3 veker og ikkje om nokre få dagar pga flykaos)

tirsdag 21. desember 2010

Påfyll!

Det har blitt lite blogging av strikkeprosjekta mine i det siste, grunnen er enkel; det går mest i julegåver og vil derfor vente til etter jul med å blogge om det slik at ikkje vener og familie kan sjå julegåva si før julaften :) Men bilete av alle prosjekta som er ferdig er tatt før eg pakka dei inn, så snart vil det komme ein flom av bileter her ;)

 Julegåver ferdig innpakka


Men i dag når eg var på juleshopping kom eg borti noko garn eg ikkje har sett før, og gjett om eg blei glad! Det var så mange fine fargar, jippi nye vottar tenkte eg! Eg fann garnet på Rema (?) av alle plassar!

Garn med fine fargar!

Eg fekk også garn i ein nydelig lillafarge av mamma i pakkekalenderen som eg gledar meg til å strikke sokkar og votter av!

Fargen blei litt annleis på bilete enn i røynda, men den er liksom ein "gammald" lilla farge.


Nå må eg henge i med  å strikke så dei siste julegåvene blir ferdig til jul!

onsdag 15. desember 2010

Utslitt!

Nå er tre eksamenar gjennomført, og kun ein gjenstår, på fredag, og så er det juleferie! Etter så og sei ha budd på biblioteket  sidan tidleg november kan du sei eg byrjar å bli litt utslitt, og det skal bli godt med litt fri! Ettersom det har vore veldig mykje lesing (ikkje alltid like effektivt, men,men), har det ikkje blitt tid til så mykje strikking, men eg har benytta kveldane for å få unnagjordt litt julegåver, men eg ligg likevel litt på etterskot, men reknar med at det ordnar seg når det blir skulefri! :D

Men mens eg les litt revisjon og ventar på at ferien skal komme, kan eg komme med nokon tips til strikkesider til dykk som leitar etter ny strikkeinspirasjon.

  • www.ravelry.com
    Her må du registrere deg for å få oppskrifter, men det kostar ingenting. Du kan finne veldig mykje fine oppskrifter her, og eg har funne eit par som eg har tenkt å prøve meg på til nyåret!


  • www.garnstudio.com
    Her finner du mange fine drops-oppskrifter som er heilt gratis, eg har sjølvsagt funne mykje fint eg vil strikke så snart eg får tid!



Nå kan dere kose dykk med godbitar som f.eks. desse lekre julesokkane:


...mens eg tar å les nokon timar til med revisjon før eg gir meg for dagen!

tirsdag 7. desember 2010

Kjærestevotter <3

Eg har lenge hatt lyst til å strikka kjærastevottar, og fekk endeleg mønster nå i haust. Der er til meg og min betre halvdel, og eg blei veldig så nøgd!

Fellesvotten til kjærastevotteparet

Eg strikka dei slik at "guttevotten" og "guttesida" av fellesvotten blei blå mens jentevott og jentesida blei rosa.  Det blei litt ekstra arbeid på denne måten, men vel verdt strevet synes eg!

Mønster: Kjærestevotter fra Raumagarn LVS-3
Garn: Rubin
Pinne: 2,5 og 3


Nå gjenstår det berre å feste alle trådane, noko eg ikkje ser fram til!

torsdag 2. desember 2010

Julekalender

Då var det blitt desember og vips så blei strikkekorga mi forvandla om til julekalenderen min :) Slik måtte det bli når eg ikkje orka å dra med meg julekalenderen heima ifrå og til Bergen. Pakkekalender frå mamma blei det nå uansett! Då har eg i alle fall noko kjekt å sjå fram til om morgonen :)

 Pakkekalender frå mamma!

Til neste år har eg tenkt å strikke meg ein ny julekalender, eg falt pladask for denne når eg fann han! Eg har allereie ynskja meg mønsteret til jul, for det blir ikkje tid til å strikke den før jul uansett med alle dei prosjekta eg har under produksjon :P

Vottekalender!
Denne kan du finne her.

onsdag 1. desember 2010

Strikkefasthet du liksom...

Eg har tydeligvis endra strikkefasthet...har alltid strikka litt stramt, men det er det vist slutt på...

Jaja, slik kan det gå!

Heldigvis er dette to forskjellige par, for eg klarte å få begge dei "nye" vottane like store, men eg håpar at mamma klarar å krympe det forvekste votteparet...

lørdag 27. november 2010

Orions vott

I dag fann eg eit bilete av nokon vottar eg strikka for ei stund tilbake. Eg likar veldig godt dette mønsteret, og sidan eg ga desse bort blir eg rett og slett nødt til å strikke eit nytt par til meg sjølv etter kvart når eg får tid :)




Mønster: Orions Vott frå Votteboken
Garn: Østlandsgarn
Pinne: nr 2,5 og 3

Ha ei fin helg vidare! :D

onsdag 24. november 2010

Dagens fangst!

I dag har eg hatt semesterets andre eksamen (av fire). Det var godt å få den unnagjort og eg suns at det var på sin plass med ein liten belønning.

Og her er resultatet:


Mange potensielle julegaver her :P

Eg fann også eint veldig fint hefte frå Rauma med votteoppskrifter i, men det for vente til nesten eksamen ;)

søndag 21. november 2010

Strikkeprosjekter i fleng!

I det siste har eg hatt ein lei uvane av å fort bli utålmodig og lei av eit prosjekt, for så å gå vidare utan å fullføre det :P Resultatet av dette er at eg har ein heil haug me ting som berre er halvferdige...


Her manglar votten både tommel og sin høgre ven.



Også her manglar det ein vott og ein tommel



Her er det i det minste TO vottar, men begge manglar tommel

I tillegg til desse har eg også prosjekter der det kun gjenstår å feste trådar, men dette er så utruleg keisamt, så eg utsett det alltid lengst mogleg. Men nå går det mot jul, og det skal lagast mange julepresangar, så her gjeld det å bli ferdig i tide! Så kanskje eg bør gjera desse ferdige før eg startar på noko nytt? :P

I  det minste blei desse sokkane ferdige i går:


Ps. meir info om desse vottane vil komme når dei er ferdigstilt ;)

torsdag 18. november 2010

Mobiletui med selbumønster :)

Ny mobil fortener nytt mobiletui. Derfor fant eg ut at eg skulle strikke eit, sjølvsagt med selbumønster! Eg har rett og slett strikka ein barnevott (utan tommel) og den passa perfekt! Eg blei superfornøgd :)


Mønster: Trysilvotten frå boka "Norske Votter"
Garn: Restegarn
Pinne: nr. 2

Forresten, er det nokon som veit kor eg kan få tak i Votteboken og Norske votter av Lillill Thuve? Har låna dei på biblioteket, men kunne tenkt å ha dei sjølv.

Strikkeinspirasjon

For nokon dagar sidan fekk eg ein pakke i posten, og dette var innhaldet:

Vottebøker: Mostly Mittens, Folk Mittens og Stickmønster på Øland

Eg måtte sjølvsagt ta ein kikk i dei med ein gang, sjølv om eg eigentleg skulle lese til eksamen. Det var utruleg mange fine mønster, og det som er litt gøy er at mønstra er heilt annleis enn dei eg elles har strikka etter. I boka "Folk mittens" er det vottemønster frå ulike land i Europa (denne suns eg hadde dei finaste mønstra), mens i "Mostly Mittens" er det vottemønster frå Russland. Det er ganske fult på strikkeplanen nå før jul sidan det blir laga ein del julepresangar (og mange eksamenar ikkje minst) så eg må mest sannsynleg vente til etter jul med å prøve å strikke nokon av desse mønstra. Eg tenkte også å la dei inspirere meg til fleire sokkemønstrar. Bøkene kan forresten bestillast på Capris.no.

søndag 14. november 2010

Endå fleire "russesokker"

Etter å ha strikka dei rosa russesokkane fekk eg meirsmak på slike sokker. Derfor har eg leita etter fleire slike fine mønstrer, men utan hell. Då bestemte eg meg for å ta saken i eigne hender, og starta å laga mønster sjølv. Eller, det vil sei at eg tok vottemønstrer og laga dei om til sokkemønstrer ;) Så heilt sjølvlaga er dei ikkje :P Det mønsteret eg var mest ivrig etter å starte på var mønsteret til "fleirfarga votter".

Dei går overraskande fort å strikke, og tok raskt form!

Sluttresultatet blei slik:

Mønster: Vottemønster frå "Norske votter" omgjort til "russesokker"
Garn: Safirgarn
Pinne: Nr. 2,5

Eg blei utruleg nøgd med resultatet, da eg var ganske spent på korleis størrelsen ville bli osv. Men eg har framleis sokk nr 2 igjen å strikke, men skal nok få den unnagjort i ein fart!

Spørsmålet nå er; gi bort, behalde sjølv, gi bort...behalde sjølv? ;)

onsdag 10. november 2010

Rosa Russesokker!

Det skal vist nok ha seg slik at russesokkar har fått namnet sitt frå før i tida då folk oppe i Nord-Noreg brukte desse til å bytte til seg ting frå russarane, uansett, eg synast at dei er kjempe fine! Og i tillegg har dei ikkje vanlig hæl, noko som passar meg fint ettersom eg ikkje har lært meg ennå å strikke "skikkelig" hæl endå :P

Mønster: Russesokker i selbumønster frå Raumagarn LVS-3
Garn: Safirgarn
Pinne: nr.3 og nr 3,5

Slike kjem det nok fleire av etter kvart!

mandag 8. november 2010

Bambus-strikkepinnar

I dag kjøpte eg meg strikkepinnar av bambus. Har høyrd at desse skal vera gode å strikke med, så eg er spent på å sjå om dei lev opp til forventningane! Tenkte å prøve dei på neste par vottar eg skal strikka, men for augeblinken held eg på med eit par sokkar (bilete kjem snart). Har nokon av dykk erfaring med slike pinnar?



Eg har forresten også høyrd at det er mulig å ta med desse pinnane på fly, nokon som veit om dette faktisk går? Eg skal på ein veldig laaaaang flytur snart og det ville vore supert å ha strikketyet med som tidsfordriv :)

søndag 7. november 2010

Nusselege selbuvotter til baby

Strikka for ei stund tilbake selbuvotter til baby. Eg synast dei er så utruleg søte, og dei er også enkle og superkjappe å strikke. Mønsteret fann eg på internett, så tenkte at eg skulle legge det ut her for dei som måtte ønska å strikke desse :)

Mønster: Selbuvott til baby
Garn: Babyull (eit garn er meir enn nok)
Pinne: nr.2,5
Størrelse: 6-9 mnd

Du startar med å legge opp 44 masker, for så å strikke ein rett og ein vrang. Det blir finast om ein strikkar den rette vridd. Strikk til du har 5-7 cm med vrangbord. Etter vrangborda skal ein starta på mønsteret, eg valte å strikke ein omgang rett i grunnfargen før eg starta på mønsteret for å få litt luft mellom. Strikk vidare på mønsteret og fell som vist i diagrammet. Etter at votten er ferdig felt, er det berre til å dra tråden gjennom maskene og stramme til før ein festar tråden.

Mønster pluss teikn-forklaring:




X


Strikk i mønsterfargen


o


Strikk i grunnfargen


/


Strikk to saman i mønsterfargen


\


Ta ein laust av,  strikk den neste maska i mønsterfargen, dra den fyrste maska over den maska du nettopp strikka.


Eg strikka også snor til vottane. Oppskrifta på desse snorene fann eg i boka "myk start" og er verdens enklaste snor å strikke! Du legg berre opp 3 masker, strikker rett, drar tråden rundt maskene for så å strikke rett igjen, slik at du heile tida strikker same veg (dvs. at du heile tida har strikkepinnane i ro, du skal ikkje snu strikketyet) . Ved å dra tråden rundt maskene vil det danne seg en rund og fin snor. Du strikkar berre denne så lang du vil ha den og feller av. Denne snora passar ypparlig til litt av kvart, eg har til dømes brukt denne som snor på baby-lue :)

Håper dette kommer til nytte for nokon av dykk :)

onsdag 3. november 2010

Strikkepinne-etui

Denne geniale saken fekk eg av mamma til jul i fjor. Det er ho som har "designa" og sydd den :)

 Slik ser den ut når den er samanrulla


Og slik er den når du brettar den ut og viser sitt fantastiske innhald.
Rett og slett heilt genialt!
Så har eg iallefall orden på noko!

Fleirfarga selbuvotter

Dette er første gang eg har strikka votter i meir enn to farger, men synes desse blei verkelig flotte. Dei er blitt strikka i mørkelilla, lyselilla og kvitt. Vottene er henta frå boka Norske votter. Trur eigentleg at det er herrestørrelse men eg strikker litt stramt, så dei passer kjempe fint til meg :)

Oppskrift: Kollenvotten fra Norske Votter av Lillill Thuve
Garn: Østlandsgarn
Pinner: nr. 2,5 og 3

mandag 1. november 2010

Turkise selbuvotter

Dette mønsteret leita eg lenge etter, men fann det til slutt i ein strikkebutikk i Bergen. Eg syns dei er så utroleg fine, men uheldigvis blei dei for små til meg, så eg får prøve å finne nokon me små nok hender som kan bli den heldige eigaren! (Kjem uansett til å strikke et nytt par til meg sjølv ;))



Mønster: Mønstrede votter frå Til fjells 0712
Garn: Falk frå Dale-garn
Pinne: nr 2,5 og 3



Fine, sant? :)

søndag 31. oktober 2010

Votter frå "Votteboken 2"

Dei fyrste vottane eg strikka frå Votteboken 2 var "Heges votter" og "Vildes votter". Dette var et bursdagsønske frå systera mi, og ho blei veldig glad for gåva!

"Heges votter"
Mønster: Heges votter fra votteboken 2
Garn: Falk frå Dale-garn
Pinne: nr 2,5 og nr 3



"Vildes votter"

Mønster: Vildes votter frå votteboken 2
Garn: Falk frå Dale-garn
Pinne: nr 2,5 og 3



Eg blei så nøgd med desse at eg blir rett og slett nødt til å strikka desse til meg sjølv også, men det får bli når litt fleire julegåver er ferdige ;)


lørdag 30. oktober 2010

Vottebøker

Systera mi fann den perfekte gåva til bursdagen min dette året. For i posten dukka nemlig Votteboken 2 av Lillill Thuve opp og den har mange utroleg fine vottar! Eg blei kjempeglad! Eg er stadig på jakt etter nye oppskrifter på vottar og nå hadde eg plutseleg veldig mange.

Denne boka er verkelig verdt å ta ein kikk i om ein er glad i å strikka vottar

Eg har også saumfart biblioteket for bøker med votte-oppskrifter i. Dei fleste er veldig gamle bøker, og er ikkje å få kjøpt lengre. Ettersom eg ikkje kan få kjøpt bøkene, pleier eg å skanne bøkene slik at eg har oppskriftene sjølv etter at boka er levert tilbake til  biblioteket. 

Her er nokon av dei bøkene eg har funne.
Frå venstre; Norske Votter av Lillill Thuve, Votteboken av Lillill Thuve og Vinterstrikk av Anne-Stine Thuve.

Det verkar som at dei Thuve-jentene verkeleg kan dette med vottar!  Eg vil etter kvart poste dei vottane eg har strikka frå desse bøkene :)

fredag 29. oktober 2010

Hekta på selbuvotter!

Eg har lagt min elsk på selbuvottar! Etter mitt fyrste par var eg hekta, og nå strikkar eg nesten ikkje noko anna. Her er nokon smakebitar av det eg har laga, meir kjem snart :) (ps. er ikkje strikkekurven min super søt? :P)



Selbuvottar i fleng!


torsdag 28. oktober 2010

Mariusgenser

Dette prosjektet skulle bli starten på min store strikkekarriere. Eg fann ut sist haust at eg hadde lyst på en Mariusgenser og enklaste måte å skaffe seg ein var å strikka ein fann eg ut! Mamma meinte på at det var litt ambisiøst som fyrste store strikkeprosjekt, men eg køyrde på. I starten var det vanskelig å sjå enden, men det gjekk overraskande fort på fram, den var ferdig før jul! Sjølv om eg likar den originale Mariusgenseren, bestemte eg meg for å strikka den med ein vri, eg valde fargane svart, kvitt og grått, på denne måten kunne eg bruke den til alt.



Eg likte veldig godt å strikka denne genseren, og ein skal ikkje sjå vekk ifrå at det blir strikka ein til! (sjølv om det tok veeeldig land tid!) Den blei forresten strikka i Falk frå Dalegarn, eit garn eg likar veldig godt og brukar ofte.

Var ganske så stolt når denne vart ferdig strikka!
Sidan eg ikkje har strikka nokon genser før, har eg heller ikkje montert ein genser før. Då er det godt å ha ein snill mamma som hjelper til, ho monterte heile genseren for meg! :) Eg bør nok læra meg å gjera det sjølv på sikt, men resultatet blei uansett bra!

Ferdig!

onsdag 27. oktober 2010

Min nye strikkeblogg/hobbyblogg!



Velkommen til min blogg! På denne bloggen tenkte eg å dele mine hobbyprosjekter, men det er også fare for litt kvardagspjatt innimellom, og kanskje litt frå min ikkje så handarbeidsrelaterte hobby; reising! Men nå fram mot jul vil det for der meste gå i strikkeprosjekter ;)





tirsdag 26. oktober 2010