fredag 28. januar 2011

Lillehammervotten og nok eit par russesokker

Eg hadde store ambisjonar om å bli ferdig med alle julegåvene i tide før julaften, men eg måtte sjå slaget tapt når det nerma seg julemiddag og det fortsatt var ting som ikke var ferdig. Dette resulterte i at systera mi og mammen min fekk halvferdige gåver til jul. Men gla blei dei likevel! Nå har eg endelig summa meg til å strikke ferdig vottane og sokkane til systera mi, og sendt dei i posten til ho.

Systera mi bur for augeblinken på Lillehammer, og fekk derfor Lillehammervotten til jul!



Mønster: Lillehammervotten frå Norske Votter
Garn: Falk frå Dalegarn
Pinner: nr. 2,5 og 3



Ho fekk også eit par sokkar:
Mønster: Eit vottemønster omgjort til russesokker
Garn: Østlandsgarn
Pinner: nr 2,5 og 3

Mamma må nok vente litt lengre, men eg skal prøve å få hennar ting ferdig snart også! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)