tirsdag 1. mars 2011

Korleis lage strikkeveske?

Tenkte å dele me dykk korleis ein lagar ei strikkeveske :)

Men dette mønsteret er kun til eige privat bruk og skal ikkje seljast vidare (ferdige produkter).

Eg tar utgangspunkt i dei veskene eg har laga som målar ca 12 x 12 x 26 cm. Vil du har andre mål er det berre å rekne deg fram. Fremgangsmåten er nokså detaljert, men meir erfarne sydamer trenger mest sannsynlig berre måla ;) :

Start med å skjære til ein firkant på 40 x 50 cm. Ein til yttersida, innersida og ein i vatt.
Firkanten i vatt må vera litt kortare slik at d ikkje bli for tykt når ein syr i glidelåsen. Eg pleiar la den vere ca 2 cm kortare i kvar side på kortsida. (40 x 46cm)


Deretter må desse tre firkantane leggast oppå kvarandre, med yttersida ut. Eg har her brukt tekstil-lim på boks for å feste desse saman (dette er ikkje nødvendig, ein kan også nåle dei saman)


Lim saman lag på lag. Om du vil ha ei litt finare innside enn kva eg har laga kan du først sy yttersida og vatten saman til ei veske etter framgangsmåten nedanfor, for så å lage ei identisk veske av innerstoffet som du putter oppi den fyrste veska og nøster fast. Då vil det ikkje vera nokon sømmar som visar inni veska. Men sidan eg ikkje er så erfaren med sying, fann eg ikkje dette nødvendig da eg synast at den ser heilt grei ut på den måten eg har gjort det på og det går vesentlig mykje fortare :D

Legg kortside mot kortside på vranga og sy saman , ha litt godt med sømrom. Bruk strykegjern for å dele og flate ut "sømmen", nål på glidelåsen og sy denne på mens du har mønstersiden ut. (husk å skifte fot på symaskinen).


Ferdig påsydd "skjult" glidelås.

Sidan eg likar at ting går fort har eg ikkje brukt veldig lang tid på at innsida skal sjå superfin ut. Når glidelåsen er sydd inn har eg derfor berre klippet av stoffrestene ved glidelåsen og sydd zikkzakk sting langs kanten for å hindre at stoffet rakner. Når dette er gjordt kan ein sy igjen sidene. (husk å sprette opp sømmen i midten slik at glidelåsen kommer fram, og lukk den litt opp sli at du kan vrenge veska etterpå.) Pass på at glidelåsen er på midten. Gjer også likt her med å sy zikkzakk langs kantene.



Viss du vil ha ein liten flipp til å holde i når du tar opp glidelåsen må du legge den inn mellom før du syr saman sida. Eg pleier ha denne flippen på den siden glidelåsen går ned (dvs høgre på bilete)

Nå er du nesten ferdig! Hold veska på vranga og lag til trekanter i hjørnene (sjå bilete). Her må du måle opp slik at veska bli rett. På denne veska skal denne sømmen bli ca 12 cm (mål at du får den på midten).


Gjør dette i kvart hjørne. Viss du vil ha håndtak må du fikse dette før du syr saman hjørnene. Denne fester du på rettsiden med nål slik at den kommer midt på (på same side som flippen), deretter vrenger du og syr over hjørnene . Eg pleier å teikne ein strek over slik at sømmen blir rett. Eit tips til håndtak og "flippen" er å ta litt av stoffet du brukar til fôr og skjær ei strimle på ca 8 cm. Brett denne inn 2 cm på kvar side for så å brette saman på midten, sy rundt heile kanten. Av denne kan du klippe av ein passeleg bit til flipp, tilpass resten til håndtak. Eg pleier å brodere litt pynt med symaskinen på både håndtak og flipp, gjerne navn.

Når alt dette er fiksa klipper du av hjørnene med passelig "sømrom", for så å sy over zikkzakk igjen.


Ferdig avklippa og zikkzakka! :)

Då gjenstår det berre å klippe av litt trådar og vrenge veska, og whoala! Ein stk strikkeveske!


Ferdig strikkeveske! :)

Viss noko skulle vera uklart her eller om dykk lurar på noko anna er det berre til å ta kontakt :)

Lykke til! :)


Ps. viss nokon legg noko ut på bloggen sin i forbindelse med denne oppskrifta (f.eks bilder o.l.) setter eg pris på at du linkar dette tilbake til min blogg :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)