søndag 3. april 2011

Uendelege strikkeprosjekter!

I det siste har strikke-tålmodigheita vore ekstremt låg. Eg syns at alt tek for lang tid, noko som resulterer i at eg startar på nye strikkeprosjekter før det fyrste er fullført. Dette er ikkje heilt likt meg, for som regel vil eg bli ferdig med eit prosjekt før eg startar på eit nytt. Men slik har det ikkje blitt den siste tida, berre i gårkveld starta eg på to nye prosjekt :P

 Inni her finn du tre strikkeprosjekter eg arbeidar på no. Dei vil bli posta her når dei er ferdige! :)
(forutsatt at eg faktisk blir ferdig!)



Det manglar iallefall ikkje på prosjekter som eg vil starta på, og når strikkekorga ser slik ut: 


Ein liten del av garnsamlinga mi!

Ja, då er det berre å velge eit garn og starte! Men eg skal prøve å få noko ferdig etter kvart, ellers har eg jo ikkje noko å skrive om her! ;) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)