mandag 18. april 2011

Bursdag, påskekos og blogg-rekord

I går blei eg nok eit år eldre, og litt feiring måtte til. God middag, gåver og kos!

I påske-egget fann eg dette:

 Masse ny sytråd til når eg skal sy strikkevesker :)



Også litt nye strikeprosjekter på gang som vanleg :P



Og så over til "blogg-rekord". Når eg sjekka statistikken i dag fekk eg meg ein gledeleg øverasking, for i følgje google analytics har eg hatt over 11 000 sidetreff og over 1 000 unike besøkande sidan eg starta bloggen min! Dette går over all forventning, om talla stemmer da, for såå lenge har eg ikkje hatt bloggen :P Men uansett, dette synast eg er så bra at det fortjener ein give-away! Denne er under planleggjing og meir info vil komme etter kvart :)



Ha ein god påske alle saman! :D

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)