lørdag 7. mai 2011

Herresokker med Marius-mønster! :)

ENDELIG er desse ferdig! Det er utruleg kjedelig å strikke foten når den er heilt einsfarga, følar det aldri går på fram! Sokkemønsteret har eg dikta sjølv ettersom eg ikkje hadde noko god oppskrift på ein herresokk. Det resulterte i at dei blei litt store over rista, så om eg skulle ha strikka dei igjen ville eg ha endra litt på oppskrifta. Men det er jo ikkje sååå farlig me ullsokkar om dei er litt store, så mottakaren har berre å bruke dei om han vil eller ikkje :P 




Mønster: Marius
Garn: Safirgarn
Pinne: 2,5 og 3

Sokkane ser litt klumpete ut på bileta, men det kjem av at eg har putta garn oppi dei sidan eg ikkje hadde nokon i nærheita med store nok bein som kunne ta dei på medan eg tok bileta :P

3 kommentarer:

  1. Nydelige ullsokker! Er det lov å spørre hvor mange masker du legger opp på disse? Og må det økes/felles for at mønsteret skal stemme?:)

    SvarSlett
  2. Sjølvsagt er det lov å spørre :) eg la opp 72 masker, då skal mønsteret akkurat gå 4 gonger rundt :) Men eg syns at dei blei for vide på sjølve foten, så om eg skulle ha strikka dei igjen ville eg ha fellt av nokre masker før eg starta på hælen slik at dei ville blitt litt smalare på sjølve foten :)

    SvarSlett
  3. Aha... Tror jammen jeg må prøve meg på et par slike:)

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)