mandag 28. november 2011

Julegåvetips; Votteboken 3!

Dei som har fylgt bloggen min ei stund, har sikkert fått med seg at eg rett og slett elskar selbuvottar, og kan aldri få nok av dei! Og det same gjeld oppskrift på selbuvottar. For ein selbuvott-entusiast som meg, kom det ei skikkeleg gladnyheit for nokre dagar sidan; Votteboken 3! Mange av dei vottane eg har strikka før har kome frå Votteboken og Votteboken 2, og eg var ikkje klar over at ei tredje bok var på veg! Gladnyheit oppi ein ellers så trist eksamensperiode :D Eg har sjølvsagt allereie ordna meg denne i julegåve ;) Og best av alt, eg har ikkje peiling på kva for mønster den inneheld, så dette blir kjempespennande :D


Votteboken 3

Det er Lillill Thuve som har laga boka, og det også ho som har laga einen og toen:



















Votteboken (til venstre) er ei ny utgåve med ein blanding av boka "Votteboken" og "Norske Votter".

Er du glad i å strikke vottar vil eg så absolut anbefale desse bøkene. Både har dei fine vottar og lettleste mønster :) Så eg syns dette er eit supert gåvetips enten til deg sjølv, elle til andre votteglade mennesker.

Desse er å få bestillt på nettsida deira; Thuvestua :)

Vil du sjå dømer på kva mønster som finnast i boka er det berre til å sjå i arkivet mitt her.

4 kommentarer:

  1. Den skal jeg sannelig ønske meg i julegave :)

    SvarSlett
  2. Jeg må på biblioteket å låne noen vottebøker!! Jeg kikka i vottearkivet ditt - og jeg må si du har strikka et par i ditt liv! Kjempeflink er du:)

    SvarSlett
  3. Nå har jeg sett igjennom alle vottene du har strikket, og så utrolig mange fine! Kan nesten ikke vente med å bli ferdig med mine halvferdige prosjekter så jeg også kan strikke meg et par votter :) Virkelig inspirerende, og det spørs om jeg ikke må bestille en vottebok jeg også :)

    SvarSlett
  4. Henrietta: Ja det ville eg gjort! :)

    Monica: Det er mange flotte vottebøker på bibben, har vore der mange gonger å lånt bøker :) Hehe, ja det har blitt litt vottar, men det er jo så kjekt å strikke! :)

    Christina: Takk for det! Eg vil absolutt anbefale å strikke vottar, det er kjempekjekt og dei er kjempefine :) Fint at eg kan vera til litt inspirasjon ;) Og dei vottebøkene er kjempefine!

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)