fredag 29. april 2011

Endelig ferdig! :D

Då var genseren endeleg ferdig montert og klar for levering!




Mønster: Mariusgenser til baby, størrelse 2 år
Garn: Babyull
Pinne: nr. 2 og 2,5 

onsdag 27. april 2011

Og der var påsken over...

Vel, ikkje heilt for min del, eg har fortsatt fri ut veka! Vurdere å muligens snuse på noko skulearbeid, vi får sjå :P Det har blitt litt strikking i påsken til tross for det fine været, men pga ein utolmodig meg er det atter ein gång flerie halvferdige prosjekter. Dei dukkar nok opp her etter kvart! ;) For nå må det bli litt andre bilete:

 Påsketur, utsikt frå Knuten


Garn får ein aldri nok av, så det blir stadig nye innkjøp, men i mitt tillfelle kjem det meir garn inn enn ferdige produkt ut!

fredag 22. april 2011

"Sokker på to pinner" og litt anna babystuff

Eg klarar aldri å besøke ein baby for fyrste gång utan å ha med noko heimestrikka. Men pga. litt kort tid endte eg opp med dette:

Mønster: "Sokker på to pinner" frå Myk start
Garn: Babyull
Pinne: nr. 2,5

Mønster: sjølvkomponert
Garn: babyull
Pinne: nr. 2,5
Planen var å go teppe også, men det blei ikkje ferdig.
Så det blei med sokkane og hårbandet :)

Teppet er også frå boka "Myk Start"
Sokkane er størrelse 4-8 mnd.

Mottakaren vart kjempenøgd med gåva!

Desse sokkane er så utruleg søte og utruleg raske å lage, så desse kjem eg nok til å lage mange fleire av! :)

Fortsatt god påske til alle saman! :)  

mandag 18. april 2011

Bursdag, påskekos og blogg-rekord

I går blei eg nok eit år eldre, og litt feiring måtte til. God middag, gåver og kos!

I påske-egget fann eg dette:

 Masse ny sytråd til når eg skal sy strikkevesker :)



Også litt nye strikeprosjekter på gang som vanleg :P



Og så over til "blogg-rekord". Når eg sjekka statistikken i dag fekk eg meg ein gledeleg øverasking, for i følgje google analytics har eg hatt over 11 000 sidetreff og over 1 000 unike besøkande sidan eg starta bloggen min! Dette går over all forventning, om talla stemmer da, for såå lenge har eg ikkje hatt bloggen :P Men uansett, dette synast eg er så bra at det fortjener ein give-away! Denne er under planleggjing og meir info vil komme etter kvart :)



Ha ein god påske alle saman! :D

torsdag 14. april 2011

Fana-sokker

Heilt sidan eg såg fana-sokkane inne på sida til Diddi har eg hatt lyst til å strikke dei. Nå hadde eg endeleg litt tid til overs, og eg blei kjempenøgd med resultatet! Hadde ikkje spesifikt mønster, men tok utgangspunkt i eit sokkemønster og tilpassa fana-mønsteret til det. 

Slik blei resultatet:

Mønster: Fana-mønster
Garn: Trysil garn, superwash
Pinne: 2,5

Eg rett og slett elskar desse gamle tradisjonelle mønstra :)

søndag 10. april 2011

Nok eit par russesokker!

Desse russesokkane var i utgangspunktet ei julegåve til mamma, men ettersom ho ikkje fekk dei før nå blir det vel kanskje meir som ein påskegåve :P Fekk festa dei siste trådane i kveld, og kunne med glede overekke dei til ein veldig nøgd mamma :) 

Russesokker i kvitt og mørkeblå



Mønster: Russesokker
Garn: Safir
Pinner: 2,5 og 3


lørdag 9. april 2011

Namnebånd

Nå har endeleg fått dei bånda eg bestillte ei stund tilbake:

Håndlaga av Marie :)

Blei nokså nøgd med dei, men synest kanskje dei var litt lange mtp at eg som regel strikkar små ting, men det går seg nok til :)


torsdag 7. april 2011

"Blueberry" Waffle Socks

Endeleg klarte eg å bli ferdig med eit av prosjekta mine, det er sokkane Blueberry Waffle Socks! Men som du ser er ikkje mine så bueberry :P Eg blei kjempenøgd, og dei sitt utruleg godt på foten!

Blueberry Waffle Socks


Mønster: Blueberry Waffle Socks
Garn: Mor Aase
Pinne: 3,5

Desse blir det nok strikka fleire av, enkle, fine og gode på foten! :)

tirsdag 5. april 2011

Litt garn til overs? La det gå til ein god sak; Amandaprosjektet!

Eg har den siste veka lest eit par strikkebloggar som har snakka om Amandaprosjektet. Nyfiken som eg er måtte eg sjølvsagt finne ut kva dette var!

Det heile starta med eit par som mista dattera si, berre 10 dagar gammald. Under sjukehusopphaldet fekk dei vite at det var stor mangel på varme klede til dei små på nyfødtavdelingen, og at donasjonar av tepper, votter, sokkar, luer osv, blei tatt imot med stor takk. Det var då dei fekk ideen om å starte "Amandaprojektet", oppkalla etter dattera si. Dei oppfordrar alle strikkeglade til å donere bort noko av strikkeriet sitt, slik at dei kan levere det til Rikshospitalet. Det er heile tida stor etterspørsel ettersom barna får med seg heim dei strikkeriene dei får. For meir info om dette prosjektet kan du besøke heimesida deira eller facebooksida deira. 

Eg fann denne saka utruleg rørande, og har derfor tenkt å strikke litt til dette formålet innomellom dei andre strikkeria eg skal strikke denne våren. Når eg har opparbeida meg ein god samling tenkte eg å sende det inn til Amandaprosjektet :) Dette er også ein fin måte å kvitte seg med restegarn på, to fluer i ein smekk! 


Bilete er henta frå Facebook-sida deira

Håpar at det er fleire som blir inspirert av dette prosjektet, og som hat lyst å hjelpe til! Betre formål for restegarnet sitt finn ein vel ikkje? Det spørs kor mykje eg får laga, men alle munner drar! Eg vil halde dykk oppdatert på korleis det går med strikkinga mi til dette prosjektet utover våren :) 

søndag 3. april 2011

Uendelege strikkeprosjekter!

I det siste har strikke-tålmodigheita vore ekstremt låg. Eg syns at alt tek for lang tid, noko som resulterer i at eg startar på nye strikkeprosjekter før det fyrste er fullført. Dette er ikkje heilt likt meg, for som regel vil eg bli ferdig med eit prosjekt før eg startar på eit nytt. Men slik har det ikkje blitt den siste tida, berre i gårkveld starta eg på to nye prosjekt :P

 Inni her finn du tre strikkeprosjekter eg arbeidar på no. Dei vil bli posta her når dei er ferdige! :)
(forutsatt at eg faktisk blir ferdig!)



Det manglar iallefall ikkje på prosjekter som eg vil starta på, og når strikkekorga ser slik ut: 


Ein liten del av garnsamlinga mi!

Ja, då er det berre å velge eit garn og starte! Men eg skal prøve å få noko ferdig etter kvart, ellers har eg jo ikkje noko å skrive om her! ;) 

fredag 1. april 2011

Nok ein vott frå boka "Norske Votter"

Lenge har denne eine votten vore heila åleine, men i går fekk eg fingen ut og strikka hans make. Kjempefornøyd! Synes at dette mønstere er så fint! Berre synd at desse skal gis bort, må nok strikke eit nytt par til meg sjølv også! :)


Mønster: Finnmarksvotten frå boka "Norske Votter"
Garn: Falk frå Dalegarn
Pinne: 2,5 og 3 

Nå kjenner eg at det er lenge sidan eg har strikka vottar, så det er vel kanskje på tide å strikke nokre fleire. Eg har kjempemange oppskrifter som ligg og ventar på å bli prøvd ut :)