søndag 25. september 2011

Eigenkomponert flettelue! :)

Her ein dag fann eg og ei venninne ei kjempefin lue på Bikbok. MEN, den var i akryl. Æsj! Så kva gjer ein då? Joda, ein strikka seg ei! Eg tok ein god kikk på lua, og gjekk så heim for å komponere eit mønster. Og snakk om flax, i haugen med garn heime fann eg jaggu meg noko garn eg kunne bruka også. Så både mønster og garn va på plass og eg satte i gong. Etter litt finjusteringar blei resultatet slik:

Mi eigenkomponert lue!

Lua på!

Planen var å få på ein dusk også, men spørs om det er nok garn. Er ennå ikkje sikker på om eg heilt 100% nøgd med oppskrifta, så kan ennå hende at eg gjer nokre endringar.

Kva syns dykk? :)

fredag 23. september 2011

Eg har funne løysninga!

Trur eg...

...på mariusgenseren med rund sal som eg snakka om her. Problemet her var at eg ville strikka med babyull, blant anna for det hadde akkurat den fargen eg ville ha, men mønsteret ville ha tjukkare garn. Så i går når eg starta å legge opp til genseren kom eg på, kva med dobbelt garn? Då slepp eg alt det med å endre på oppskrifta osv for å tilpasse til tynnare garn. Eg prøvde å finne ut om det var nokon måte å rekne dette om på, fann ein metode, men veit ikkje kor politelig den er. Det var kun å gi etter, eg måtte strikke ein prøvelapp! Dette syns eg er så keisamt, men eg tenkte heller det enn feil mål på genseren :P


Prøvelapp

Og jaggu, trur du ikkje det stemte? Ca iallefall :) Men er usikker om eg kanskje skal gå ned ein halv størrelse på pinnane enn i oppskrifta, for eg brukte pinne 3 på prøvelappen, mens det eigentleg skal vera 3,5 i oppskrifta, hmm...Uanset, det blir strikking i helga, jippi! :D

Nokon som har erfaring med å strikke med dobbel babyull?

onsdag 21. september 2011

Knitting... Because Yarn Ain't Just For Kittens!

Findus kosar seg meg garnet mitt

Åh, som eg skulle ynskje at eg kunne strikka no.
Istadenfor må eg lesa om skatterett, urettferdig!

mandag 19. september 2011

Åpent lager hos Pickles!

For augonblinken befinn eg meg i Oslo, og då benytta eg sjansen til å gå på åpent lager hos Pickles! 


Liten, men koselig "butikk"

Og sjølvasgt blei noko med heim, sjølv om det eigentleg var systera mi som var den som faktisk skulle på butikken :P


Den fine boka til Pickles, til lagerpris (200,-)

Og eit nøste med Abuelita tjukk merino i nydelig farge! Trur dette skal bli ein hals :) 

Er du i Oslo-området ein torsdag, anbefalar eg å ta turen innom Pickles :)

fredag 16. september 2011

Mariuslue til baby (1-2år)

Huskar dykk denne genseren? Den har no fått ei matchande lue!

 Mariuslue strikka i størrelse 1-2 år

Mønster: Mariuslue med øreklaffer fra Til Fjells tema 10
Garn: Babyull
Pinne: nr. 2,5 og 3

tirsdag 13. september 2011

Perlestrikket hals med snurr


Perlestrikket hals med snurr

Perlestrikk

Mønster: Perlestrikket hals med snurr
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 5,5

Ettersom eg brukte eit anna garn enn i oppskrifta blei den ikkje heilt slik som den skulle ha blitt. Med det garnet som er i oppskrifta trur eg han ville blitt litt tjukkare, og eg vurderar derfor å kjøpe eit garn ekstra for å strikke han litt lengre. Syns det kanskje var litt lite "volum" i han slik han er no. Men ellers er han kjempegod! (og fin!)

lørdag 10. september 2011

Strikkeshopping

Alle jenter likar shopping og eg er ingen unntak! Så i løpet av veka har det blitt litt shopping. Strikkeshopping. Det er alltid gøy å tilføre noko til strikkesamlinga, både garn og tilbehør! 

Tidlegare i veka var eg innom garnbutikken. Skulle kun ha 3 garnnøster til eit prosjekt, men det var jo tilbod på babyull, kunne jo ikkje gå tomhendt då!


 Babyull i mange fine fargar! Alltid kjekt å ha!

Nokre dagar etter kom denne i posten. I all flyttinga opp og ned, har eg klart å gløymt å ta uglepinnemålaren min med til Bergen. I mellomtida måtte eg jo berre ha ein ny! :P

Ny uglepinnemålar, freebies, personlig takkekort og discount-card. Jippi!

Siste innkjøp blei foretatt i dag på Søstrene Grene, utrolig fin butikk med mykje fint til ein billig penge!

Søte boksar i dekorative mønstre til strikketilbehøret mitt



Men nå er kontoen tom, og det er berre til å smøre seg med tålmodigheit fram til neste utbetaling frå lånekassa kjem!

torsdag 8. september 2011

Bella's mittens

Desse har eg glea meg lenge til å strikke! Garnet blei kjøpt inn for lenge sidan, men det har tatt litt tid å komme i gong. Mykje av grunnen var at eg syntes dei såg så vanskelege ut, men det viste seg å vera kjempelett! Godt eg kjøpte inn garn til eit par til på opphørsalet :)


Bella's mittens

Oppskrift: Bella's mittens/Bellas votter
Garn: Alfa
Pinner: nr. 5 

Så alle Twiligth fans, ta pinnane fatt!

mandag 5. september 2011

Omrekning av strikkefastheit, hjelp!

I løpet av hausten har eg lyst å strikke ein mariusgenser med rund sal i 2 år. Oppskrift har eg, problemet er berre at eg har lyst å strikke denne med babyull (strikkefasthet 28m), mens det i oppskrifta er meininga å bruke garn med strikkefastheit på 22m. Sjølve omregninga av forholdet mellom dei to strikkefastheitene for å få antall masker osv. veit eg korleis eg gjer, men eg er litt usikker på korleis eg skal gjere om oppskrifta for å få det til fint (og ikkje minst rett størrelse), spelsielt med tanke på armane og den runde salen (er jo ein del mønster der).

Er det nokon som har erfaring med dette og har tips til korleis eg kan få det til å bli vellykka?

Eventuelt, har nokon gjort dette sjølv med denne genseren?

Vil det vera enklare å gjera ein "vanleg" mariusgenser som skal strikkast i babyull, om til genser med sal?



Alle tips/råd tas imot med ein kjempestor takk! 

søndag 4. september 2011

The Knit Kit

Kva er det for noko spør du? Berre den meste geniale strikkeduppeditten som nokon gong er oppfunnen! Eg datt over denne på strikkebutikken i Seattle, So much yarn, og kunne berre ikkje gå ifrå den. 

Slik ser den ut:

 The Knit Kit

Men kva er det som er så fantastisk med den tingen der? Jo det skal eg fortelle deg, den er multifunksjonell ser du!

The Knit Kit's mange funksjonar

Og funksjonane er:
  1. På toppen finn du ein masketellar, noko som passa ypperlig for mitt nåverande prosjekt sidan der er veldig viktig å vete kva omgang du er på.
  2. På venstre side finn du heklenål (både liten og stor), det er veldig fint til å fiske opp masker om du skulle miste dei underveis. 
  3. Nede på vestre side er det måleband, stort sett rotar eg alltid målebandet mitt vekk, men nå bør det alltid vera tilgjengeleg ;)
  4. Oppe på høgre side er det kniv til å kutte tråd med

Den fantastiske omgangstellaren :)


Men ikkje nok med dette, den har også ei hendig bakside!

Baksida av The Knit Kit

I ei luke på baksida finn du dette:

  1. Samanleggbar saks
  2. Maskemarkørar
  3. Nål
  4. Beskyttelse til strikkepinnetuppane



Viss ikkje dette er genialitet, så veit ikkje eg!

Eit redskap som absolutt alle strikkerar bør skaffe seg :)



Om nokon skulle ynskje å skaffe seg ein slik, har eg funne nokon internettsider som den kan bestillast frå:

http://www.hulucrafts.co.uk/the-knit-kit.htm (på denne siden var den billigast)

torsdag 1. september 2011

Strikkeklubb :)

Endeleg var det duka for nytt møte med strikkeklubben, då strikkeglade jenter treffes over muffins!


Strikkeklubb = kjempekoselig

Effektiviteten derimot kan diskuterast!