mandag 28. november 2011

Julegåvetips; Votteboken 3!

Dei som har fylgt bloggen min ei stund, har sikkert fått med seg at eg rett og slett elskar selbuvottar, og kan aldri få nok av dei! Og det same gjeld oppskrift på selbuvottar. For ein selbuvott-entusiast som meg, kom det ei skikkeleg gladnyheit for nokre dagar sidan; Votteboken 3! Mange av dei vottane eg har strikka før har kome frå Votteboken og Votteboken 2, og eg var ikkje klar over at ei tredje bok var på veg! Gladnyheit oppi ein ellers så trist eksamensperiode :D Eg har sjølvsagt allereie ordna meg denne i julegåve ;) Og best av alt, eg har ikkje peiling på kva for mønster den inneheld, så dette blir kjempespennande :D


Votteboken 3

Det er Lillill Thuve som har laga boka, og det også ho som har laga einen og toen:



















Votteboken (til venstre) er ei ny utgåve med ein blanding av boka "Votteboken" og "Norske Votter".

Er du glad i å strikke vottar vil eg så absolut anbefale desse bøkene. Både har dei fine vottar og lettleste mønster :) Så eg syns dette er eit supert gåvetips enten til deg sjølv, elle til andre votteglade mennesker.

Desse er å få bestillt på nettsida deira; Thuvestua :)

Vil du sjå dømer på kva mønster som finnast i boka er det berre til å sjå i arkivet mitt her.

søndag 27. november 2011

Giveaway hos Marte :)

Marte har giveaway, ho rundar snart 250 000 besøk (wow!) og skal i den anledning dele ut ein valgfri materialpakke:


Eg har i alle fall lyst til å vinne denne giveawayen! :) 

fredag 25. november 2011

Ny pinnemålar i bambus

Denne kom i posten i dag:

 Pinnemålar laga av bambus :)

Eg suns den var kjempesøt! Og i tillegg fann eg denne oppi pakken:

Hyggeleg helsing (spesielt med tanke på at den er kjøpt frå USA) og ein søt liten nøkkelring :) Det var ein veldig hyggeleg overrasking etter ein laaang dag på lesesalen. No skal eg kose meg med strikketyet og noko kjekt på TV-skjermen resten av kvelden :)

Ha ei fin helg allemann! :)

onsdag 23. november 2011

På strikkepinnane nå...

...finn du julepresangar!


Denne håpar eg å bli ferdig med mens me har strikkeklubb i kveld :D

mandag 21. november 2011

Velkommen til min "nye" blogg!

Eg fann ut at eg ville bytte blogg domene og valget fall då på blogspot :) Det heile starta med at eg såg at Monstermønster hadde gjort bloggen sin om til bok, og det såg så fantastisk fint ut! Så dette ville sjølvsagt eg også, men det viste seg at det ikkje var mogleg med blogg.no, så eg starta å tenke på å kanskje bytte domene. Problemet var berre at eg ikkje ville få med meg dei gamle blogginnlegga mine, og det syns eg var kjempedumt! Derfor ville eg ikkje bytte, MEN så fann eg ut at det var ein måte å få med seg blogginnlegga på, så vola! :D Og i tillegg er det mykje meir friheit og ikkje minst lettare å redigere og fikse bloggen slik du vil ha han, noko som er eit kjeme stort pluss! Eg fekk einaste ikkje med meg alle dei fine kommentarane eg har fått :/ Men forhåpentleg kjem det nye :)

Så, planen er då å teste ut dette domene ei lite stund og sjå korleis eg likar det og eg håpar då sjølvsagt at alle lesarane mine vil fortsette å fylje meg her på denne bloggen :) Det er jo tross alt same bloggen, berre i ny forpakning ;) 


Eg håpar å sjå deg igjen her! :)
Follow my blog with Bloglovin

lørdag 19. november 2011

Rundpinner i bambus

For nokon dagar sidan fekk eg rundpinnar i bambus som eg hadde bestilt frå ebay:


Rundpinnar i 40 cm i ulike størrelsar

Dei kosta sjølvsagt ein slikk og ingenting, så eg er spent på korleis dei er å strikke med. Dei har litt mjukare gummivaier enn dei rundpinnane som du kjøpar på strikkebutikken, men eg håpar dei fungerar for det om. Dei på strikkebutikkane er jo så dyre! Slettens ikkje studentvennlege prisar :P

Er det nokon av dykk som har erfaring med rundpinnar i bambus?
Eg elskar jo bambus, så eg vil så gjerne ha bambus når eg strikkar med rundpinne også :)

Eg veit det er litt lite nye ting som kjem innpå her for tida, men sidan eg BUR på lesesalen (det føles i alle fall slik ut) så blir det ikkje så mykje tid til strikking, men eg håpar eg får tid til litt i kveld når eg kjem heim. Og i tillegg held eg på med eit større prosjekt som aldri ser ut til å ta slutt! Men eg håpar å få snike inn litt småting i ny og ne for det om :)
Strikkelista mi blir jo berre lengre og lengre, så det er nok av prosjekter å starte på
(når ein får tid da)

 Ha ei god helg alle isaman! 

torsdag 17. november 2011

Oppskrift på flettelua mi i PDF

Nå er oppskrift på flettelua mi tilgjengeleg for gratis nedlastning i PDF både i norsk og engelsk versjon på raverly.com


Oppskrifta på lua mi kan du laste ned her.

Er du brukar på raverly må du gjerne legge meg til som venn (marieiversen) :)

tirsdag 15. november 2011

Vridd hals frå Pickles

Denne halsen blei dødsdigg!


Utruleg mjuk og god, og deilig at den er litt tett oppi halsen :)
Den skal snurrast to gonger rundt


Enkelt, men effektfull mønster 


Mønster: Vridd hals
Garn: Abuelita tjukk merino
Pinne: nr. 10

Eg kan anbefale både oppskrifta og garnet på det varmaste. Den går fort å strikke og mønsteret er enkelt, og du treng kun eit nøste (100grams nøster). Dette garnet byrjar å bli ein favoritt her, foreløbig er det kun denne eg har strikka i det, men eg har kjøpt inn garn til eit større prosjekt også. Det er berre så ufattelig mjukt og godt, og det klør ikkje i det heile tatt :) Gler meg til å strikka meir i det!

lørdag 12. november 2011

Nok ei mariuslue (til baby)


Mønster: Mariuslue i Norske klassikere
Garn: Babyull
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 1-2 år

Den manglar berre ein liten dusk på toppen, men den skal ikkje gir bort før til jul, så det får eg ta etter kvart :) 

onsdag 9. november 2011

Farmor sine babysokkar :)

I helga var eg heime på Karmøy ein tur, eg har jo ikkje sitt mamma sidan somarferien! Men mens eg var heime, tok eg ein titt i ein hobbykommode/bord som har vore farmor sin. Farmor strikka mykje i si tid, men når ein kjem i ein viss alder tar det ofte slutt på strikkinga. Men uansett, i denne kommoden/bordet låg det fremdeles nokre småting, garn, tråd osv. Og mellom alt dette fann eg eit halvstrikka par med babysokkar. Den eine var ferdig, mens den siste mangla litt. Då tenkte eg med meg sjølv at desse kan eg jo lage ferdig for farmor! Dei var jo kjempesøte! 

Ein ferdig babysokk :)



Ein halvferdig babysokk

Og i kveld har eg hatt strikkeklubb isaman med nokon kjekke jenter, så då tok eg opp desse sokkane for å prøve å gjere dei ferdig. Det var ikkje berre berre å gjera ferdig noko som ein ikkje veit korleis er strikka og ikkje har mønster til. Men det gjekk nå, på eit vis :P Blei ikkje 100% lik, men så godt som, men eg skal uansett ikkje gi bort desse sokkane:

Farmor sine babysokkar ferdig strikka :)

Eg likte desse sokkane kjempegodt, så eg satt meg rett og slett ned etter å ha strikka dei og prøvde å lage eit mønster. Har sånt halveis skrabla ned noko, men eg må teste det ut på ein nytt par før eg kan sei meg ferdig med ho. Og kanskje den blir lagt ut her etter kvart? :) 

mandag 7. november 2011

Mønsterstrikk

Når eg strikker mønsterstrikk har eg som regel aldri kontroll på trådane, men nå har eg lært noko nytt som gjer at ein får mykje jevnare resultat, dette er kanskje noko folk flest veit, men tydlegvis ikkje eg! Eg fann tilpset i bladet Strikkemagasin:



Strikkeskole

Tipset var at når du strikka med to trådar skal du holde trådane mellom kvar sin fing, slik som på bilete til venstre, istadenfor begge trådane på ein fing (bilete til høgre), slik eg pleide å gjere :P Tråden skal ligge på same fing heile tida. Enkelt knep, men det gir eit flott og jevnt resultat:

Mønsteret blir nesten like fint på baksida som på rettsida :) 

onsdag 2. november 2011

Nusselege babysokkar i selbumønster :)





Mønster: Babysokk frå heftet Selbustrikk
Garn: Babyull
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: ca 1 år 

Miniselbuvottane har fått selskap, denne gongen på føttene :)
Desse vottane og sokkane er så supersøte! 

tirsdag 1. november 2011

Greetings from Norway

Eit lite stykke Noreg;



I USA i somar møtte eg ei venninne som eg blei kjent med på utveksling i New Zealand. Ho er frå Detroit i Michigan, men vi møttes i Seattle. Det var utruleg gøy å møte ho igjen, det var jo 2 år sidan sist eg såg ho! Ingen av oss hadde vore i Seattle før, så det var gøy å kunne gjera alle turistgreiene når alt var nytt og spennande for alle, vi koste oss kjempemykje! :)

Men eg måtte jo sjølvsagt ta med nokon gåver frå Noreg! Og det måtte vera noko "typisk norsk". Eg ente då opp med brunost (sjølvsagt) og ostehøvel (det er tross alt ein norsk oppfinning!), melkesjokolade (nam!) og vottar i god gammaldags selbumønster (eg er jo ein sucker for selbustrikk!). Den norske gåva fallt godt i smak! Dei syntes sjokoladen smakte veldig godt, og ho elska selbuvottane! Skal vel litt til for å ikkje lika melskesjokolade og selbuvottar ;) Nå gleda ho seg til vinteren sa ho, slik at ho kunne bruka vottane,det er alltid kjekt å høyre slikt :) Brunosten, derimot, var eg litt skeptisk til om kom til å falle i smak. Eg personleg elskar brunost (som alle nordmenn), men det betyr jo ikkje at alle likar det :P Men ho tok utfordringen på strak arm! Men sidan eg gav gåva siste kvelden fekk eg ikkje sjå reaksjonen når ho faktisk smakte på han, men eg fekk i ettertid høyre at; "Eg er glad for at eg prøvde den, men trur eg foretrekk annan ost", haha! Fin måte å sei at den osten kan du få ha for deg sjølv! ;)  Jaja, dei veit ikkje kva dei går glipp av!