torsdag 29. desember 2011

Mi fyste ullbukse

Dette har eg aldri prøvd før, men eg har sett så mange flotte ullbukser rundt på bloggane her, så eg måtte berre prøve :) Den blei sjølvsagt marius-inspirert, fant ut at den ville passe fin fint saman med genseren eg strikka for litt si. Eg tok utgangspunkt i eit mønster på monsterbukse, men laga ho slik eg ville mtp. fargar osv :) 

Framsida
Baksida


Detalj på baksida; Amalie
Dette er fyrste gong eg prøvar meg på maskesting,
 og det gjekk nå så som så :P
Detalj nede på foten
Mønster: Monsterbukse med egen vri
Garn: Rubin
Pinne: nr. 4
Størrelse: 1-2 år

Eg lurar meg på om buksa kanksje blei ein smule for lang, men då er det jo berre til å brette ho opp så kan ho brukast lengre! Eg skal gå i dag å overlevere heile settet, det vil kome eit bilete av heile settet samla etter kvart :)

lørdag 24. desember 2011

Sjå kva eg fekk i kalenderen!

Desse herlege sokkane som mamma har laga:

Kjempe gode og varme! 


Eg vil også ynskje alle lesarane mine ein kjempegod jul!
Håpar dykk alle får ei riktig fin feiring i kveld :) 

Håpar me bloggast i romjula :)

torsdag 22. desember 2011

Vaffelsokkar nok ein gong!

Desse går eg aldri lei av! Dei er både kjekke å strikke og gode på foten :) Og i tillegg syns eg dei ser veldig fine ut også. Dei her har vore på pinnane sidan før somaren, men eg fann ut at dei ville bli ein fin julegåve og derfor gjorde eg dei ferdig i ein fei! Eg har faktisk strikka desse med ein ny metode eg har lært meg, nemleg å strikke to på ein gong! Det vil kome eit innlegg om korleis ein gjer dette etter kvart, men foreløbig må dykk nøye dykk med bilete av sokkane ;)



Mønster: Blueberry Waffle Socks
Garn: Viking sportsragg
Pinne: nr. 3,5

mandag 19. desember 2011

Garnkurv #2

Nytt forsøk på garnkurv. Den forrige blei ikkje heilt vellykka.. Men denne måtte berre bli bra sidan den skulle gis bort i julegåve! Det var eigentleg meingen at eg skulle ta bileter under vegs for å vise korleis du lagar han, men det gløymde eg sjølvsagt..men men, får gjere det neste gong for det blir nok fleire :)
Slik blei resultatet:


Den har litt merkelig fasong på dette bilete, men han er mykje finare i røynda!
Spesielt når den blir fullt opp med meir garn :)
Mønster: Litt modifisert versjon av Monsterkurv
Garn: Hubro
Pinne: nr. 10

Denne gongen blei eg kjempenøgd! Den blei akkurat passe stor, men det er likevel plass til mykje garn i han, fin fin julegåve :)

lørdag 17. desember 2011

Enkelt babyteppe

I april blei dette teppet påbegynt, fyrst nå blei det heilt frdigstillt. Latskap kallast det!



Men nå varmar det i det minste ei lita jente som nett kom til verda

 Eg valgte å hekle ein fin liten kant rundt, det gjorde seg veldig godt syns eg :)
Mønster: Enkelt teppe frå myk start
Garn: Babyull
Pinne: nr. 7 (trur eg)

torsdag 15. desember 2011

J u l e f e r i e

Endelig! Nå er det juleferie :) Siste eksamen er unnagjort, seinare i kveld er det julebord med klassen og skulen startar ikkje igjen før 23. januar. Men før den tid skal eg både reisa heim, feria jul, reise til østlandet og på New York tur :D Og ikkje minst, strikka! Det er så mykje eg vil strikka som eg ikkje har hatt tid til, men NÅ har eg massevis av tid! Forhåpentligvis vil eg ha mykje fint å visa på bloggen framover :) 


Ha ein super kveld, det skal iallefall eg! :)

mandag 12. desember 2011

Kollenvotten til herre

Julegåve som (nesten) er klar! Gjenstår berre å feste trådar :/
(mottakaren er ikkje så ofte innom her, så trur det går bra å vise dei her)

Eg fekk akkurat knipsa eit bilete i snøen før den forsvann heilt..



Mønster: Kollenvotten frå Norske Votter
Garn: Rubin
Pinne: nr. 2,5 og 3

søndag 11. desember 2011

Strikkekalender!

Etter eit besøk inne på sida til Katrine, blei eg tipsa om ein fantastisk kalender, nemleg ein strikkekalender! Eller rettare sagt, ein kalender for strikkarar. Det er strikkeoppskrift.com som har laga denne kalenderen, og du kan delta kvar dag for å samle deg poeng til trekninga. Då kan du vinne mange flotte premiar, sjølvsagt i innanfor strikkeverda, dvs. mønster, garn, bøker osv. Midt i blinken for meg! Er sjeldan eg gidder å vera med på slike nettkalenderar, men denne vil eg jaggu meg vera med på! :D Og det fine er at sjølv om du ikkje oppdaga denne før f.eks i dag, så kan du likevel vera med på alle dagane så har vore så langt i desember, jippi! :)

I fjor var planen å lage denne votte-kalenderen til "neste jul". Ja nå er det "neste jul" og den er fortsatt ikkje laga... Det får blir til neste jul då!

Ha ein fin sundag!

torsdag 8. desember 2011

Bellavotter #2

Nok eit par Bellavottar har fått liv, desse skal bli gitt bort i gåve :)
Sjå Bellavott #1 her.

Mønster: Bella Mittens
Garn: Alfa
Pinne: nr. 5

mandag 5. desember 2011

Korleis strikke inn ein tråd?

f.eks på tommelen til ein vott :P

Denne metoden har eg nettopp lært meg, men det visar seg at denne er forholdsvis vanleg å bruke og at det er min gamle metode som heller er litt uvanleg :P Slik går det når du må lera deg slike ting sjølv :P Men det er sikkert andre enn meg som ikkje kan denne metoden, derfor tenkte eg å vise den i korte trekk her. Den er faktisk ganske lett :)

  • Strikk fram til der du normalt vil sette av masker på ein tråd, dvs. når du er ferdig med tommelkilen. Ta så ein trådstump (her rosa) og strikk over dei maskene som skal settast bort til tommelen.

Her er det strikka over dei maskene som er til tommelen med rosa tråd.

  • Ta så maskene over på pinnen til venstre, slik at du kan strikke over dei igjen (som vist på bilete)

Her er maskene ført tilbake til den fyrste pinnen,
slik at dei er klare til å bli strikka over ein gong til.
  • Strikk så over maskene på vanleg vis, med dei trådane du har brukt heile tida. Hugs å følgje mønsteret :)

Det er nå strikka over maskene to gonger.

Her er tråden ferdig strikka inn.

  • Nå er det berre å strikke ferdig votten. Når votten er ferdig strikkar du tommelen. Du kan forsåvidt gjere dette før, men eg foretrekk å gjera det til slutt :) Du skal nå fiske opp maskene som er på tråden. Eit smart triks her (som eg ikkje gjorde på den fyrste tommelen min!) er å plukke opp maskene før ein drar ut tråden. Dei nedre maskene er nokså enkle å få innpå pinnen. Dei øvre maskene har eg plukka opp med å ta den fyrste tråden i "v'en" liksom bortover, slik at ein til slutt har lika mange masker på begge pinnane. Når dette er gjort er det berre å dra ut tråden.

Nå er det berre til å dra ut tråden :)

  • Det vil nok vera oppgitt i oppskrifta kor mange masker du skal ha. Det skal som regel vera meir enn kun desse maskene som du nå har tatt opp. Typisk skal du strikke opp ei maske i kvar side. Dette vil unngå at du får hol. Om det likevel skulle bli hol her så er det ein løysning på dette! Ta heller opp to masker, men på neste omgang strikkar du desse to saman. Då vil du hindre hol, og du vil fortsatt ha rett antall masker :) Nå er de berre å strikke ferdig tommelen!
God strikking!

    lørdag 3. desember 2011

    På pinnane mine just nu!

    Der finn du dette her:

    Eg kan endå ikkje sei kva det er, sidan mottakaren er innom bloggen av og til :P Men det går i det minste mot slutten! Eg følar eg ikkje har gjort anna enn å strikka på dette i høst, men det gjenstår heldigvis ikkje så mykje lengre. Det skal bli godt å få det heilt ferdig, og forhåpentligvis blir det godt tatt imot til jul :) Eg kjenner eg gler meg til all julestrikk er ferdig, slik at eg kan få strikke noko av det som står på MI ønskeliste (og det er ikkje lite) ;) 

    Ha ei god helg alle strikkeglade folk! :)

    torsdag 1. desember 2011

    Nye namnelappar

    I dag er det 1. desember! Den fyrste pakken i julekalenderen min er opna (takk mamma!), ein 6 timars eksamen er unnagjort, og eg har kome meg over til Oslo. Alt på ein og same dag, og attpå til er det kun 24 dagar til jul! :)
     Eg har fått flott pakkekalender av mamma
    (nei eg har ikkje vokse frå julekalender endå!)

    Men tilbake til det innlegget eigentleg var om, mine nye namnelappar! Eg har bestillt frå same side før, men denne gongen bestillte eg nokon som var litt finare. Desse er vevde og brodert på namn. Dei andre eg bestillte tidlegare var silkebånd med trykk. Dei her fallt mykje betre i smak! 
    Nå kan eg sette namnet mitt på alle julegåvene eg skal gi bort :)


    Desse er bestillt på minanamnband :)