søndag 7. oktober 2012

Rosa strikkelykke!

New and improved! Versjon 2012 er her! Eg snakkar sjølvsagt om The Knit Kit. Eg kjøpte min fyrste Knit Kit når eg var i USA for litt over eit år sidan, og den har blitt min beste strikkevenn. Men når eg såg at det var kome ein ny versjon i ROSA og med oppgradering, så måtte eg berre ha han! Spesielt sidan oppgraderingen var det einaste eg syntes mangla på han, nemleg pinnemålar. Det var tydligvis ikkje berre eg som syns at dette mangla, for nå er han her! :D 

ROSA Knit Kit!

Med PINNEMÅLAR :D
Det skal ikkje mykje til får å glede denne jenta nei! Og kva skal eg med TO Knit Kit tenkar kanskje du? Ingen problem, for med så mykje prosjekter på gong kjem det godt med å ha to stk, så slepp eg å rote til tellinga på eit prosjekt når eg strikkar litt på eit anna :P Og ja, eg har monge prosjekter på gong, så stay tuned!

Viss det er nokon andre som også kjenner at dei berre MÅ ha denne fantastiske duppetitten, så bestillte eg han her.

1 kommentar:

  1. Den var jo bare knallfin den da , skjønner godt at du trenger to jeg og kanskje flere også :O)))) Klem.

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)