tirsdag 31. januar 2012

Ei himmelsk strikkeoppleving!

Ein av julegåvene min var dei fantastiske strikkepinnane KnitPro! Det er rundpinnar, og dei er rett og slett geniale! Du kan skru av vaieren, slik at du kun treng ein pinne av kvar størrelse og så kan du berre skifta lengde etter behov :) Og ikkje minst; dei er fantastiske å strikke med!

Mitt fantastiske Knit Pro sett

Vaiere i ulike størrelsar

Strikkepinnane blir brukt aktivt i mitt nåvarande prosjekt
Om du skal ha deg nye rundpinnar så kan eg anbefala desse på det varmaste! Eg er jo fan av å strikke med bambus, så eg var litt småskeptisk til om desse var like gode ettersom desse er laga av bjørk. Dette er då bekrefta,  for dei er himmelske å strikke med, og minst like gode som babus :) Om du kjøpar dei i Noreg er dei i overkan dyre, så eg anbefalar å kjøpe dei når du er i utlandet eller bestille dei frå utlandet på nettet (var det eg gjorde) :) Eg bestillte dei på denne sida (ja eg bestillte dei sjølv, sjølv om det var julegåve frå mamma dei til meg ;)) Eit tips er å bestille dei som gåve til nokon (du kan huke av for dette når du bestiller), då vil du mest sannsynleg sleppe unna momsen ;) 

søndag 29. januar 2012

Trekk til iPad

...sjølvasgt i Mariusmønster! Kjøpte ein iPad nå når eg var i USA til meg og min kjære :) Den er nå i Oslo med kjærasten min, og med ein slik vims til kjærast måtte eg sjølvsagt strikka eit etui til han, slik at den framleis er i eit stykke når eg kjem over igjen :P 



Mønster: sjølvkomponert
Garn: Mor Aase, Rubin og restegarn
Pinne: nr. 3 (trur eg)

Eg blei ikkje heilt fornøgd med denne, fann ut etterpå eit par ting eg ville ha endra osv. Pluss eg trur at det vil bli finast å sy trekk inni med glidelås, så det får eg gjera når denne tar turen over til Bergen :) 

søndag 22. januar 2012

Mer prematurstrikk; Jordbærlue

Ein modifisert utgåve av Drops si jordbærlue, slik at den kan passe til små knøtt :)



Mønster: Modifisert versjon av jordbærlua
Garn: Babyull
Pinne: nr. 3

lørdag 21. januar 2012

Prematurstrikk; Mariusluer

Marius er og forblir ein favoritt her, så sjølvsagt måtte eg strikke nokre slike til premature også! Eg syns dei blei kjempe nusselige og bitte små :) Dei luene eg har strikka i det siste var det meininga eg skulle gje bort til Amandaprosjektet, men så blei eg oppmerksam på eit anna prosjekt, prosjekt Malawi. Dei sender kvar år ned ein container med klede og anna nødvendigheiter til sjukehusa i Malawi. Dei ønska også strikke luer osv. til dei nyfødde og dei premature. Neste sending ned dit er i månadsskifte januar/februar og det blir sikkert lenge til neste gong. Nå har eg jo bygd meg opp eit lite lager med luer (16 stk), og tenkte at eg då kunne gje desse til dei stakkars barna der nede, dei har jo ingenting! Amandaprosjektet er jo eit løpande prosjekt så eg tenkte berre å strikke nye luer til dei :) 

Men så til det dette innlegget eigentleg er om, Mariusluer!



Mønster: Lue til dukke i Klassikere frå Sandnesgarn
Garn: Baby-ull
Pinne: nr. 2,5

Eg håpar at desse kan varme små hoder nede i Malawi! :) 

onsdag 18. januar 2012

Fanakofte; evighetsprosjektet

Hugsar dykk det store prosjektet som eg snakka om at eg strikka på i haust? Det var ei julegåve/bursdagsgåve så eg kunne ikkje visa det på bloggen. På nyåret gløymde eg det litt ut, men NÅ kjem endeleg bilete av prosjektet og det var ei...FANAKOFTE! Og ikkje nok med det, den er strikka i tynn alpakka og tynne pinnar, så det tok nesten heile hausten. Det var stunder der eg var så lei heile kofta at eg ville blekke ho ut av vindauget, men ho overlevde frustrasjonen min :P Og her er resultatet:

Eg er veldig fornøgd med resultatet, men aldri igjen!
Då må det isåfall vera med tjukkare garn og pinnar :P

Mønster: Fanakofte smal modell frå Til fjells (sandnesgarn)
Garn: Alpakka mini
Pinne: nr. 2,5 og 3
Tid brukt: ein halv evigheit!
Det var mamma som var den heldige mottakaren, og eg trur ho fallt i god smak der :) Men det manglar knappar som dykk ser på bilete, men det fekk ho i oppgåve å finne sjølv. 

søndag 15. januar 2012

Prøvestrikking: Pixieluen

Det var ei dame inne på Amanda-siden som trang folk til å prøvestrikke ein oppskrift ho hadde laga til Amanda prosjektet. Sjølvsagt ville eg vera med på det! Eg hadde ingen peiling på kva lue det var snakk om, men det vare berre spennande syns eg. Oppskrifta fekk eg tilsendt og det viste seg at det var ei type lue eg aldri har vore borti før, men eg satte i gong. Dagen etter var ho ferdig, og eg blei nokså nøgd med resultatet:

Ny vri og litt spesiell form...

...men den satt som eit skudd på!

Likte veldig godt mønsteret på luen

Syns den blei skikkelig søt eg :)
Eg kjem nok til å strikke fleire av denne, for eg suns passformen var så fin! Den kjem nok til å varme godt på små søte babyer :) Men det får vente litt, for eg har funne nokon andre mønster nå som eg suns er så søte og dei blir det strikka mykje av nå :) Amanda-strikk-dilla ser ikkje ut til å gå over med det fyrste :P

torsdag 12. januar 2012

Amanda-strikk

Då var eg endeleg havna på norsk jord igjen, og nå trur eg at eg skal ha jetlagen under kontroll (etter å ha sove til kl. tre i dag!) Har hatt det heilt supert i New York, eit innlegg derfra vil kome snart :)

I mellomtida tenkte eg å vise kva eg har laga nå i det siste, for her har det gått i Amandastrikk. Snakka om dette prosjektet på bloggen for ei stund sidan, var då meininga at eg skulle starte med litt slikt strikk etter kvart (men det tok si tid...) Litt flaut å sei, men eg starta fyrst nå i romjula, men som dei seiar "betre seint enn aldri"! Men til gjengjeld så blei det mykje strikk når eg fyrst starta :P For dei som ikkje allereie veit kva Amandaprosjektet er anbefalar eg å gå på nettsida deira eller facebook-sida deira og lese meir om det. Men i korte trekk går det ut på å strikke lue, sokkar, vottar og tepper til premature barn eller barn født til termin men som er sjuke for å holde dei varme, slik at dei kan bruke all energien sin på å bli friske :) Kjempebra prosjekt!

Her er det eg fekk strikka i romjula:
8 små søte luer, alle er strikke i babyull og pinne nr. 3

Luemønstrene er frå Raverly.com. Flesteparten av dei er frå Carissa Browning, oppskriften er blitt oversatt til norsk her. Her er dei eg har strikka frå dette oppskriftsheftet:

Lue med hjarter

Lue med hullmønster

Stripete lue



Lue med hullmønster

Stripete lue

Lue med diamantmønster
Eg har også strikke "Swirl Hat" som du også finn gratis på raverly
Snurrig lue
Den siste lua har eg dikta sjølv. Eg tok utgangspunkt i luene frå Carissa Browning og putta på hjerter:
Hjertelue
Dette er ein super måte å bli kvitt restegarn på same tid som du gjer ein god gjerning og i tillegg er dei kjempegøy å strikke! :) Eg har fått heilt dilla og sitter her nå å strikkar endå fleire, så det blir nok fleire Amanda-strikk innlegg ;)

mandag 2. januar 2012

Actionbileter av Marius-settet

Då er julegåva/bursdagsgåva overlevert, og eg var verkeleg nøgd med resultatet:

Fullt sett med både genser, bukse, lue, vottar og sokkar :)

Og det satt jo som eit skudd! Ein smule stor her og der,
men den er jo strikka ein størrelse større enn kva ho lille er nå :)

Søtaste modellen ever!
I morgon reisar eg til New York med klassen, sjølv om eg var der i somar trur eg det blir kjempekjekt denne gongen også :)  Eg gler meg til å gå på strikkebutikkar, for det blei det ikkje noko av i somar :D Så det vil bli ei veke uten blogging her, men me bloggast så snart eg kjem heim! Då skal eg også prøve å få laga eit innlegg som oppsummerar 2011 :)