tirsdag 28. februar 2012

Strikkeblogger

Hei og hopp! No byrjar det å bli ei stund sidan forrige innlegg, så tenkte at det var på tide med eit nytt! Mykje har pågått den siste veka, og det har blitt lite strikking, ergo; lite å blogge om. Spesielt med tanke på at eg strikkar på mariuskofta, så er det ikkje så mykje å visa foreløbig. I helga var eg i Oslo og kosa meg, var også på visning, men blei ingen kjøp i denne omgong.

Men eg blei for nokre dagar sidan medlem av den nye sida strikkeblogger.no. Kjempebra konsept! Her blir mange strikkebloggar samla på EIN plass! (det skal i alle fall ikkje vara mangel på lesestoff!) Kjempe fin side om du treng inspirasjon, eller berre har lyst til å finne nye bloggar å lese :) 


Strikkeblogger

mandag 20. februar 2012

Høstvest til fest!


 Morosam topp å strikke, spesielt med daisy-radene på toppen. Fyrste gong eg har prøvd å strikke daisy, men det var ikkje så vanskelig og pickles hadde laga ein fin video som forklarte korleis du skulle gjera det. Også denne går i gåvekorga, foreløbig i alle fall :)


Daisy-strikk

Mønster: Høstfest til fest
Garn: Duett, pluss restegarn (ull)
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 2 år
Garnforbruk: ca 2,5 nøster grunnfarge,
rosafargane diverse rester. 

fredag 17. februar 2012

Søt og enkel babykjole

Som eg nevnte tidlegare så har eg kome inn i ein babyperiode. Eg vil aller helst kun strikke babyklede, rett og slett fordi det er søtt og det går fort. Problemet er berre at eg ikkje har nokon å gi det bort til foreløbig, men det har eg løyst med å oppette ei gåve-eske som alt dette blir plassert i. Problem nummer to er at eg eigentleg skal strikke mariuskofte til kjærasten... Det nyaste tilskuddet er denne søte kjolen: 

Hullbord nederst

Perlestrikk og søte hjerteknappar

Mønster: Super Simple Baby Tunic
Garn: Duett fra Sandnes
Garnmengde: ca 1,5 nøste
Pinne: Nr. 4
Størrelse: 0-3 mnd.

tirsdag 14. februar 2012

Halvpatent

Den siste tida har eg berre starta på nye og nye prosjekt. Utolmodig? JA. Derfor har babystrikk vore ein fulltreffer for tida. Det går jo så fort! Har eit par ting ligganede nesten klar som eg skal vise etter kvart. Men eg har også eit par store prosjekt på gong. Til jul gav eg "gåvekort på Mariusjakke" til kjærasten min, noko som vil sei at eg faktisk må strikke denne jakka for at han skal få gåva si :P Og det er ikkje berre berre for ei utolmodig sjel ;) Men kofte må det bli til slutt! Har starta, men pga. at eg brukar anna garn enn oppskrifta fann eg ut at eg må rekke opp å strikke ein størrelse større...sååå det får vente litt, til helga kanskje? :P 

Men eg held også på med ei jakke til meg sjølv som eg burde få ferdig. Denne blir strikka i halvpatent og der dødsdigg ut!
Deilig og mjuk jakke i halvpatent
Sjølv om jakka ikkje er ferdig endå, er eg allereie blitt forelska i ho, og eg veit at ho kjem til å bli mykje brukt! Så utruleg mjuk og god! og ikkje minst fin :) Det gjenstår berre to armar, så kanskje det er på tide å få ho ferdig? Eg får sette i gong! 

torsdag 9. februar 2012

Melkers hentesett; til gutt

Strikka like så godt ei jakke til eg mens eg var i gong, men denne gong i guttefarger :) Garnet eg har brukt er fyrste gong eg brukar, så eg var litt spent. Det heitar Duett og er produsert av Sandnes Garn. Det består av 55% bomull og 45% merinoull. Det var overaskande godt å strikka med, og resultatet blei kjempemjukt og godt! Perfekt for ein somarbaby! Einaste som er litt dumt er at dette garnet er gått ut av produksjon. Men for å erstatte det så finn du nå garnet Duo, som er same greia, men der er det meir ull enn bomull. Sikkert kjempebra det også, men det så var så fint med dette var at eg fekk det billig ;) Sidan det skulle ut av produksjon fekk eg det til 20 kr per nøste i staden for 42 kr, det er mykje det for ein student, så eg hamstra inn det eg fann av fine fargar :) Du vil utan tvil finne fleire plagg i dette garnet inne på bloggen min etter kvart.

Også denne jakka manglar knappar, men er usikker på kva type knappar som blir finast.
Forslag?

Mønster: Melkers Hentesett Jakke
Garn: Duett frå Sandnes Garn
Pinne: nr. 4
Garnforbruk: 103g
Som du ser på garnforbruket så går det mindre enn 2 nøster i hovedfargen, og ca eit halvt nøste i kontrastfargen. Tilbehør til jakka er under produksjon, alle skal få! :) Heller ikkje denne jakka har ein tiltenkt mottakar, eg berre syns jakka var så gøy å strikke :P Men det dukkar nok opp nokon, den får ligge i gåveeska i mellomtida :)

tirsdag 7. februar 2012

Melkers hentesett; til jente

Eg har fallt pladask for Pickles sitt mønster Melkers Hentesett! Det er både kjempesøtt og kjempegøy å strikke :) Sidan det strikkast i "tjukt" garn og "store" pinnar (er stort til å vera til baby :P) går det superfort å strikke, noko som er ein stor bonus for ei utolmodig sjel som meg ;) Settet er ikkje påtenkt nokon spesielle endå, eg ville berre teste ut oppskrifta, så foreløbig ligg det i gåvekurva. Men ingen fare, eg syns det poppar opp babyar i både øst og vest, så eg skal nok klare å gi det bort etter kvart! Men etter å ha strikka jakka syns eg det måtte til litt tilbehør også, så det blei eit sett med både lue, vottar og sokkar. Alt er strikka av restegarn frå Mariuskofta mi.

Rooosa sjølvsagt!

Mønster: Melkers Hentesett Jakke
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: Nr. 4
Garnmengde: 95g
Mønster: Turban
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 3,5
Garnmengde: 27g

Mønster: Vinterbabysett votter
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 3,5
Garnmengde: 20g

Mønster: Melkers Hentesett Tøffler
Garn: Merino Extra Fine
Pinne: nr. 3,5
Garnmengde: 35g
Mønsteret er heilt supert, men eg har gjort nokre små endringar på jakka. Ikkje store greiene, syns berre det var noko knoting med stolpane så eg gjorde det på min måte ;) Har også endra bittelitt på lua. Nå manglar eg berre å finne nokon søte knappar så er dette heilt komplett!

søndag 5. februar 2012

Garnsafari i New York

Rett over nyttår var eg i NY med klassen min, og me hadde ein super tur! Det blei ein del shopping, men mens dei andre gjekk å handla klede og anna stasj, så var eg på jakt etter garnbutikkar :P Det var heldigvis eit par andre strikkeglade jenter med så eg kunne gå saman med, men eg trur eg var noko meir ivrig enn dei, så eg gjekk på nokon åleine også ;) Noko av det eg la merke til når eg gjekk på garnbutikkane der borte, var at dei har litt ein annan stil både når det kjem til garn og oppskrifter enn oss her i Noreg, syns eg iallfall :P Men noko klarte eg å finne likevel! Tenkte eg skulle dele litt av erfaringane eg fekk med dykk her :)

Den fyrste strikkebutikken eg var i Purl Soho, som namnet tilseier ligg denne i Soho. Nøyaktig adresse er 459 Broom Street.
Purl Soho
Purl Soho var ein stor og fin butikk, med mykje garn! Fint organisert var det også, men som eg nemnte tidlegare syns eg dei brukar ein del anna type gar, så eg sleit litt med å finne noko garn som eg kunne tenke meg. Pluss eg syns det var litt dyrt, eg som trudde at garn i USA skulle vera billing, sidan alt anna er så billigt, men neida! Men eg kom ut derifrå med 2 bøker og var i grunn kjempenøgd! Så eg anbefala denne butikken om du skulle befinne deg i Soho :)

                                 
Vintage Knits er den boka eg er mest fornøgd med av dei bøkene eg kjøpte i løpet av turen, den har så mange søte oppskrifter og eg gler meg til å prøve dei ut! :)
knit. sock. love. er ei bok med fantastisk mange fine sokkeoppskrifter. Det er lenge sidan eg har strikka sokkar, så kanskje det er på tide?

Eg hadde også lest på ein strikkeblogg om ein stor bokbutikk, Strand Bookstore, som sel både nye og brukte bøker kor du kunne finne mange strikkebøker til halv pris. Ja takk! Denne måtte eg finne! Når eg kom fram til den adressa eg hadde funne på nettet var det dette synet som møtte meg:
Strand Bookstore?
Det viste seg at dei hadde både butikk og boder/bord ute, og eg hadde tydelegvis funne adressa til der bodene stod (ved starten av Central Park) og ikkje butikken :P Men dagen etter klarte eg å finne rett plass som, altså butikken, som låg på 828 Broadway. (dei 2 bileta nedanfor er låna frå Google.no)



Her var det mykje bøker! Med litt hjelp klarte eg å finne fram til strikkebøkene. Det var mange bøker, men det var ikkje alle som var like bra. Igjen, så var det den forskjellen med kva dei i USA tydelegvis likar å strikke vs. kva nordmenn (dvs. meg) likar å strikke. Mange av bøkene såg ut som det skulle vera bra bøker, men når eg opna dei blei eg skuffa, MEN eg kom ut derifrå med to bøker bil ein billig penge! Noko bra må ein jo finne når utvalet er så stort :P


Quick Baby Knits og Chic Knits for Stylish Babies blei med meg heim derifrå. Når du får strikkebøker til 60 kr kan ein ikkje gjere anna enn å vera fornøgd! :) 

Men nok bøker, eg måtte jo kome meg på fleire strikkebutikkar også! Den neste butikken eg prøvde meg på då var Downtown Yarns
Downtown Yarns
Dette viste seg å vera ein liten og koselig butikk
Og eg kunne sjølvsagt ikkje gå heim tomhendt:
Rooosa garn!
Det blei kun med dette garnkjøpet på turen, men då var det bra at det i det minste var fint og rosa! ;)
Eg var også innom to garnbutikkar til, men utan å finne noko. Den eine var liten, den andre stor!


Gotta Knit var ein liten strikkebutikk i 5 etasje. Når eg kom inn der så satt det nokre damer rundt eit bord og strikka. Ho eine som sat der var tydelegvis nybegynnar og blei opplærd i å legge opp masker. Koselig og avslappa stemning :)

School Products
School Products fann eg oppe i 3 etasje og den var stor! Men det var ikkje så mykje garn som passa til midt bruk, men det var jo kjekt å berre gå å sjå på dei ulike garna :)

Ser at dette blei eit noko langt innlegg, men kort oppsummert:
Dette kjøpte eg meg:





Og desse garnbutikkane likte eg best og syns var verkeleg er verdt turen innom:
Downtown Yorn og Purl Soho
Så eigentleg kunne du berre ha scrolla ned og lest oppsumeringa her, i staden for å lese heie innlegget ;) Men det er jo fint om nokon klarar å kome seg gjennom heile innlegget i det minste :P