søndag 29. april 2012

Lazy Daisy jakke

Det var nettopp det eg strikka på i Paris, ei Lazy Daisy jakke :) Veldig enkel å strikke og minimalt med montering, just how I like it! Og når den ser bra ut i tillegg så er det vinn vinn. Garnet eg har strikka i, er eit garn eg aldri har prøvd før. Det er frå Mor Aase og heitar "Ull/bomull", og består av 55% merinoull og 42% bomull. Slike type garn er ofte dyre, på garnbutikk kostar dei ofte over 40 kr, men her kosta det berre 27 :) Likar slike garn kjempegodt, og syns det passar nå som det går mot varmare tider. Eg vart godt fornøgd med resultatet, og kjem nok til å kjøpe meir av dette garnet :)

Babymodell søkes, helst i fleire størrelsar,
for det er så mykje søtare å sjå klea på ein skikkelig baby! 

Turban-lue blei det også strikka til




Daisy-strikk.
Tenkte å lage eit innlegg på bloggen
om korleis ein strikkar daisy :)

Oppskrift: Lazy Daisy Jakke
Garn: Mor Aase Ull/Bomull
Pinne: nr. 4
Størrelse:3-6 mnd.
Garnforbruk: ca 100g av hovudfargen
ca 25g på hver av kontrastfargane

fredag 27. april 2012

Strikkegal i Paris!

Sjølvsagt var strikketøyet med til Paris, og strikking blei det. Me hadde jo planlagt ein avslappande tur med mykje kafé- og park-sitting, alt etter kva vêret ville tillate, og ein rastlaus sjel må jo ha tidsfordriv. 

Litt strikking på flyet

 Litt strikking i Jardin du Luxembourg, mens kjærasten tok ein aldri så litan middagskvil!

Og når ein er i ein ny by, må ein jo alltid undersøke kva strikkebutikkar som er i nærheita. Til dette er Knit Map genial! Men eg blei likevel litt skuffet...

La Droguerie
 Denne hadde eg lest om på ein blogg at skulle vera strikkebutikken ein berre måtte få med seg. Tja, veit nå ikkje heilt eg... Den var stor, og fullstappa med folk. I tillegg til garn, hadde dei både stoff, knappar, perler osv. Men det var for det meste håndspunne garn som hang på knagger på veggen, og eg syns det var vanskelig å orientere seg. Det heile ente med at eg berre gjekk vidare.

Det stod faktisk skilt på føra om foto forbudt, men ingen kunne hindre meg i å ta bilete på utsida ;)
Dei neste butikkane eg prøvde meg på var stengde, sidan klokka var over 15:00 på ein laurdag...
Stengd

Stengd
 Den neste butikken var det eg syntest var den beste, utan tvil. Mykje av årsaka var nok at dei selde knit pro pinnar!


Her fekk eg også tatt eit bilete inni butikken. 
Litan og koselig :)

Dette var den einaste butikken eg kjøpte noko i, og dette var det eg tok med heim:

Diverse KnitPro utstyr! :D

Nokre nøster av denne sorten blei også med heim

 Siste dagen, slo me ihel litt tid ved å sitte å kose oss i sola ved Musée du Louvre, før flyet vårt skulle gå.

Strikking ved Louvre

Må vera litt kreativ når ein er på tur og ikkje har tilgong til alt strikkeutstyret

Me hadde ein fin-fin Paris-tur, og kosa oss mykje :)
Resultatet frå Paris-strikkinga vil kome etter kvart!

tirsdag 17. april 2012

Greetings from Paris!

I helga var eg i Paris med kjæraste min. Det var ei bursdagsgåva frå han, er ikkje eg heldig eller? :) Turen var flott! Og eg benytta sjølvsagt anledningen til å ta nokre bileter til bloggen ;) 

Nok eit par Kerttu-sokkar har blitt til.
 (dette er faktisk det 3 paret, to til gåver og eit til MEG!)




Mønster: Kerttu socks
Garn: Mor Aase
Pinne: 3,5
Størrelse: 38-39
Garnforbruk: ca 1 nøste pr sokk
Meir frå Paris vil kome etter kvart :)

onsdag 11. april 2012

Actionbileter av MARIUSKOFTA!

Åjoda, kofta blei ferdig den! Og dét til påske! Så denne blei avlevert til mottakaren på skjærtorsdag, og den blei godt tatt imot :) Eg har kanskje ikkje ein søt litan baby å vise fram klea eg strikkar på, men eg har derimot ein litt større gut til å vise fram klea. Men heller ikkje han er alltid like samarbeidsvillig...

"Kan du ta på deg kofta så eg får tatt bilete til bloggen?" Ser at han sitter nølande i sofaen, og har eigentleg ikkje så lyst. "Viss du vil kan du sleppe å vise ansiktet ditt". "Ok da". 

Den sat som eit skot!
"Men bak frå kan vel hovudet ditt vera med, du ser jo ikkje fjeset då".
"Nei, for eg likar ikkje bakhovudet mitt!".
For ein vrangpeis! Men bileter blei det, til slutt i alle fall.

"Vent, vent! Eg må få ta eit nærbilete av kofta også!" prøvar eg å sei før han hoppar av gårde.
Litt uklart, men det var det beste eg fekk til :P
 Kven har sagt at det skal vera lettare å ta action-bilete av "store born"? 

Mønster: Mariuskofte frå hefte Klassikere
Garn: Falk frå Dalegarn
Pinne: 3 og 3,5
Størrelse: Strikka XL, men pga tynnare garn
 vil eg tippe han er ca L
Garnforbruk: 700g svart, 100g kvitt og 50g raudt
Eg vil verkelig anbefala å bruka falk til Mariuskofte eller genser, som eit alternativ til Smart. For eg syns at Smart klør litt, mens Falk klør så og sei ikkje. Falk er bittelitt tynnare, men det er ikkje så mykje om å gjera, ein kan i såfall gå opp ein størrelse. Eg brukte det på den fyrste Mariusgenseren min også, og det funka kjempefint! :)

mandag 2. april 2012

Kerttu sokkar

Etter å ha stått i ein halv evigheit på strikkelista mi har eg endelig fått strikka meg eit par med Kerttu sokkar :) Og eg blei kjempenøgd! Morosame å strikke og det gjekk i ein fei, og resultatet blei nå heller ikkje så verst om eg må sei det sjølv :)

Jada, eg var i det kreative hjørnet i dag

Påske krevjer påskebileter!

Mønster: Kerttu socks
Garn: Mor Aase
Pinne: 3,5
Størrelse: 38-39
Garnforbruk: ca 1 nøste pr sokk
Mønsteret vil eg sei at er meir ein veiledning enn eit mønster. Det står ikkje korleis du skal strikke verken hel eller tå. Men der brukte eg berre den helen eg likar best og det same med tåa. Korleis eg gjorde det skreiv eg ned slik at eg veit det til neste gong :) Desse blir nok ei bursdagsgåve, og det blir det nok fleire av!