lørdag 5. januar 2013

Ny favorittvott!

Eg fann dette mønsteret for lenge sidan, men ein får ikkje alltid tid til å strikke alt! Men nå når kulda kom inn over Oslo tenkte eg at det var på tide med nye vottar. Så eg satte i gong og dei vottane i grått blei til, og det i superfart! Eg brukte kun ein kveld for å bli ferdig med dei, herlig! Så då strikka eg lika så godt eit par til og gav dei til mamma til jul. Trur dei falt i smak :)





Mønster: Staff-mittens
Pinne: nr. 5,5
Garn: Nepal frå Drops
Garnmengde: ca 1,5 nøste
Størrelse: Dame
Mitt tips til desse vottane, spesielt om du strikkar dei i Nepal er å gå ned en pinnestørrelse på vrangborden. Det gjorde eg ikkje på det fyrste paret og syns den blei litt laus og "slufsete", blei mykje betre når ein strikka den på litt mindre pinnar.

Etter å ha strikka dessa vottane så kom eg på ein idé om lage min eigen versjon av desse. Håpar berre tida strekk til...

8 kommentarer:

  1. Flotte votter, takk for mønster tips :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Desse anbefalast på det varmaste :)

      Slett
  2. Så stilige votter! trur jeg må legge disse til på strikkelista mi :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Ja dei er kjempegode og går superraskt å strikke :)

      Slett
  3. Kjempefine! Flettestrikk er så fint, og det gjør seg godt på votter! Kjapp du er, som strikker et par på en kveld;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk takk :) Ja, flettestrikk er superfint, og eg har ein endå finare versjon av denne votten i hovudet som eg håpar eg får strikke snart :)

      Hehe, når du strikkar om kapp med tida så blir det slik ;)

      Slett
  4. Disse er blant mine favorittvotter:) Morsomt og raskt mønster å strikke. Vottene dine ser veldig gode ut i nepalgarnet!

    SvarSlett

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)