søndag 7. desember 2014

Romper og romperjakke frå Gustav og Berta

Det var rett før eg gløymde ut å blogge om dette fine settet! Det måtte vente litt etter eg var ferdig med det i somar, slik at eg kunne halde det hemmelig for mottakaren, men så holdt det på å gå heilt i gløymeboka!

Settet er frå boka "Strikk til smårollingen" til jentene bak bloggen "Gustav og Berta". Eg har strikka romperen før (du kan lese innlegget her) i eit ull/bomull garn, men denne gong fall valget på alpakka. Nærmare sagt Alpakka Baby Silk frå Drops, i ein nydelig mintfarge.


Settet bestod av romper, jakke og lue
Eg strikka settet i størrelse 9-12 mnd, men ettersom eg strikka med tynnare garn enn oppskrifta satsa eg på at den ville ende opp på ca 3-6 mnd. Det trur eg også at det blei sånt ca. 

Mønster: Romperjakke frå Strikk til smårollinger
Garn: Alpakka Baby Silk frå Drops
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 9-12 (virkelig 3-6)
Garnmengde: 78g



Mønster: Romper frå Strikk til smårollinger
Garn: Alpakka Baby Silk frå Drops
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 9-12 mnd (virkelig 3-6)
Garnmengde: 57g




Mønster: Kyselue frå Strikk til smårollinger
Garn: Alpakka Baby Silk frå Drops
Pinne: nr. 3
Størrelse: 9-12 mnd
Garnmengde: 20g




4 kommentarer:

Eg blir kjempeglad om du legg igjen ein liten hilsen :)