torsdag 24. april 2014

Romper-dilla

Er det eit plagg eg har hatt dilla på i det siste så er det den såkalte romperen. Eit søtare plagg til baby skal du leita lenge etter! Eg har vist nokre fleire tidligare i ulike variantar (les om dei her) og her kjem enda ein variant. Mønsteret har eg funne på etsy.com. 

Romper med diamantmønster


Mønster: Diamond Patterned Set
Garn: Alpakka frå Drops
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 6 mnd.
Garnforbruk: ca 70g

Romperdilla!



søndag 13. april 2014

Nok ei barselgåve

Enda ei barselgåve strikka og gitt bort!

Eg syns det er veldig gøy å gi bort heimestrikka ting, og det virkar også som folk set pris på det. Derfor gir eg utelukkande heimestrikka i barselgåve, babystrikk er jo min favoritt!

Denne gongen var det til ein kollega frå jobb. Ho fekk ei bittelita jente, så då måtte eg strikke noko bittelite og søtt til ho!

Ho blei født litt før tida, og derfor starta eg med å strikke ei prematurlue til ho i mi yndlingslueoppskrift, enkel babylue frå Nøstebarn:

Mønster: Lettstrikka babylue frå Nøstebarn
Garn: Babyull
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: Nyfødt/prematur
Garnforbruk: 20g
 I tillegg strikka eg eit sett beståande av kjole, lue og sokkar:

I rosa sjølvsagt! 

Lettstrikka babylue (igjen) i enkel perlestrikk og sløyfe:


Mønster: Enkel babylue med perlestrikk
Pinne: nr. 2,5
Garn: Baby Merino frå Drops
Størrelse: 0-3 mnd

Mønster: Sokker på to pinner m/perlestrikk frå Myk Start
Pinne: nr. 2,5
Garn: Baby Merino frå Drops
Størrelse: 0-3 mnd
 Eg brukte ca 45g rosa garn til saman på lue og sokkar, og litt kvitt restegarn

Mønster: Eileen Dress
Pinne: nr. 3,5
Garn: Baby Merino frå Drops
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: ca 55g

Det gjekk med 2 nøster til hele settet