fredag 29. august 2014

Mini Babydakt

Med kun eit nøste i nydelig mintfarge til disposisjon, laga eg ein miniversjon av den søte babydraken frå Den store guttestrikkeboka. Den blei så utrulig nusselig og liten! Sørrelsen er uten tvil nyfødt, som i virkelig nyfødt nyfødt. Tar nok ikkje månge dagane før eit lite nurk veks ut av denne, men då er i alle fall babyen veldig søt dei dagane han passar, pluss han kan sikkert brukast som dukkeklede etterpå. Den blir lagt i gåvekurven enn så lenge, fram til ein minibaby blir født. 

Framsida
 Romperen er ca 19 cm bak målt frå skrittet og opp til toppen av ribbekanten, og ca 25 cm foran målt frå skrittet opp til toppen midt foran.

Liker veldig godt baksida på denne romperen

Mønster: Babydragt fra "Den store guttestrikkeboka"
Garn: Alpakka frå Drops
Pinne: nr. 3
Størrelse: Nyfødt
Garnforbruk: ca 38g

Sa nokon romperdilla?

Eit utval av romperene eg har strikka

mandag 18. august 2014

Jakkesett

For ei stund tilbake kjøpte eg eit 100-gramsnøste hos Nøstebarn i fargen "akvamarin". Eg hadde lenge vore på leit etter eit passande prosjekt når eg kom over Jakkesettet frå Strikk til smårollinger. Eg var usikker på kor långt garnet ville halde med tanke på fullt sett, men planen var å berre strikke så langt det rakk. 

Og garnet holdt heldigvis til jakke:

Og til bleiebukse:

Og til lue:

Og til sokker! 

Heile nøstet rakk til heile settet, og det var fremdeles ein litan dott igjen:




Mønster: Jakkesett frå Strikk til smårollinger
Garn: 2-trådsgarn frå Nøstebarn
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: Jakke ca 43g og bleiebukse ca 20g

Mønster: Lettstrikka babylue frå Strikk til nøstebarn
Garn: 2-trådsgarn frå Nøstebarn
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: ca 13g

Mønster: Sokker på to pinner frå Myk Start
Garn: 2-trådsgarn frå Nøstebarn
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: ca 15g

Fullt sett på under 100g!



søndag 10. august 2014

"Gutteshorts" med jentetopp

Dei fleste har vel til no funne ut at sjølv om boka heiter "Den store GUTTEstrikkeboka" er ikkje dette til hinder for å gjere det om til jentestrikk. Eg likar shortsen i den boka veldig godt, og syns den like godt kan brukes av jente! Derfor valde eg denne som tilbehør til ein rosa Lillies topp.  


Grå shorts og rosa topp

To fargar eg syns passa veldig godt saman!
Mønster: Shorts fra Den store guttestrikkeboka
Garn: Baby Ull frå Trysilgarn
Pinne: 2,5 og 3
Størrelse: 3 mnd
Garnforbruk: ca 40g
Ofte syns eg beina på denne shortsen blir veldig smale, og eg har derfir fellt nokre færre masker (6 masker mindre per bein) for å få litt større hol.

Mønster: Lilies top
Garn: Baby Merino fra Drops
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: ca 62g

Både shortsen og toppen er strikka utelukkande av restegarn, frå hhv. ein romper  og eit hentesett. Det blir ikkje betre enn det!