lørdag 27. september 2014

Hentesettet fra Ministrikk

Verdas finaste hentesettet spør du meg! Charlott Pettersen, dama bak ministrikk.no kan verkelig sakene sine! Eg var solgt frå fyrste stund, og det blir fleire, det kan eg love deg! Dette settet blei til i somarferien, men har tydeligvis gått seg vil på veg til bloggen. Men her kjem det:

Settet består av ei jakke med fletter, som har knappane i ryggen, og ei bleiebukse. Kysa er også frå ministrikk, men er ei separat oppskrift. Alt med settet er berre nydelig!

Eg har strikka settet i baby merino frå Drops, noko dei også har brukt i oppskrifta. Passa fint sidan eg hadde mykje i kvitt i lageret mitt. Litt lagerslanking må til av og til! 


Heile settet

Fletter er og forbli ein storfavoritt!

Bleiebukse med høgt liv


Søtt sett!

Baksida av settet!
Noko av det finaste med dette settet er baksida av jakka, den er berre nydelig! Elskar at knappane er på ryggen! Eg syns også at treknappane gir ein fin effekt. 

Mønster:Jakke frå Hentesettet 
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 90g

Mønster:Bleiebukse frå Hentesettet 
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 44g

Mønster: Kyse frå ministrikk
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 32g

Verdas finaste hentesett!

søndag 21. september 2014

Sommerlig Clover Earflap Hat(s)

I somar fekk eg heilt dilla på Clover Earflap Hat, og den eine etter den andre lua blei til. Alle blei strikka i balndingsgarn av ull og bomull. Perfekt somarstrikk! Denne lua er blitt ein storfavoritt å stikke, den er jo både gøy å lage og helt nydelig! Samtlige av luene blei strikke i garn som er noko tjukkare enn oppskrifta seier, slik at eg strikka ein mindre størrelse enn kva eg håpte sluttresultatet skulle bli. Det funka veldig fint! Felles for alle luene var at eg kun hadde eit nøste til disposisjon. 





Lua er, som sagt tidligare i eit anna blogginnlegg, veldig enkel å strikke og veldig godt forlart i oppskrifta. Så sjølv om oppskrifta er på engelsk, bør det fullt vera mulig å strikke sjølv for dei som ikkje er så veldig fan av engelske oppskrifter. 

Update per 23.november:
Eg glemte heilt å fortelle at desse luene, i motsetning til den første lua med denne oppskrifta, blei strikka rundt og rundt. Måten eg gjorde dette på va å legge opp to mindre masker, ei på starten og ei på slutten av omgangen. Du droppar då å strikke første og siste maske i diagrammet, og strikkar kun det resterande av diagrammet. Alternativt kan du legge opp 3 mindre masker og kun strikke dei 12 maskene som skal repeteres, men eg syns det var greit å strikke ei vrang manske fyrst og sist, men det er smak og behag! 

Mønster: Clover Earflap Hat
Pinne: nr. 3

Lue i rosa:
Garn: Ull/bomull av Mor Aase
Størrelse: 0-3 mnd, virkelig størrelse 6mnd+
Garnmengde: 37g

Lue i Orange:
Garn: Lerke frå Dalegarn
Størrelse: 3-6 mnd, virkelig størrelse 6-12 mnd
Garnmengde: 45g

Lue i sjøgrønn:
Garn: Lerke frå Dalegarn
Størrelse: 3-6 mnd, virkelig størrelse 6-12mnd
Garnmengde: 45g

Lue i grå:
Garn: Duo frå Sandnesgarn
Størrelse: 0-3 mnd, virkelig størrelse ca 6 mnd
Garnmengde: 35g

Ps. nå har eg egen facebookside, følg meg gjerne (Strikkexpressen), se knapp til høyre!

søndag 14. september 2014

Solskinnsdrakt fra Paelas

Det har kome mange nye strikkeoppskrifter i det siste, både på nettet (som f.eks. ministrikk.no og paelas.com) og i bokform (som f.eks. Strikk til mamma og mini og Meir strikk til nøstebarn), noko som kan fryde ein kvar strikkeentusiast! I alle fall meg! Eg har gått til innkjøp av både bøker og oppskrifter, og har både planlagt og satt i gong mange prosjekter. Ein skal i alle fall ikkje ligga på latsida denne hausten.


Ein av dei fyste oppskriftene eg prøvde i somar var Solskinnsdrakten frå Paelas, med andre ord så har den ligge lenge i ferdig-strikk-kurven allereie, og eg fann derfor ut at det var på tide å la den kaste lys over bloggen. Den er urtolig søt og jentete, og eg har fått heilt dilla på dei fine "vingene". Eg kan love det kjem meir slik "vinge-strikk" på blogger etter kvart! 


Garnvalget denne gong fall på Cotton Merino frå Drops (som forøverig kjem på tilbod 16. sept 25% avslag i Merino Mania kampanjen til drops). Eg kjøpte dette garnet sist gong det var tilbod på merinogarn. Dette var fyrste gong eg prøvde det, og eg må sei det innfridde! Eg har blitt meir og meir glad i blandingsgarn (ull/bomull) og Cotton Merino er intet unntak! Blandingsgarn av ull/bomull er både deilig å strikke med, deilig å gå med og kan brukast heile året! Cotton Merino er difor eit godt litt billigare alternativ til f.eks. lerke og duo. Eg kjem i alle fall til å kjøpe meir av det under Merino Mania!



Heile baksida

Mønster: Solskinnsdrakten
Garn: Cotton Merino frå Drops
Pinne: nr. 4
Størrelse: 2 år
Garnforbruk: 73g lilla og 59g grå

Ps. Obeservante lesarar har kanskje lagt merke til at eg har endra design på bloggen. Eg følte det var på tide av ein litt meir "moderne" look. Kva syns dykk?  

torsdag 11. september 2014

Lune striber

I garnlageret mitt fann eg to nøster i kvar sin fantastisk fine farge, men som for øvrig ikkje gjekk saman! Kva gjer du eigentlig med kun eit einslig nøste? Eg leita rundt i strikkebøkene mine, og falget fall på Lune striber fra Lene Holme Samsøe sitt hefte Babystrikk på pinne 3,5-4. Perfekt for å kvitte seg med restegarn! Eg gravde også fra litt rester av kvitt garn frå restegarn-posen min til å spe på og satt i gong. Ut fra desse to einslige nøstene mine pluss litt restegarn, fekk eg to sett med lue og vottar! 

Lune striber - Lue

Lune striber - vottar

Mønster: Lune Striber frå Babystrikk på pinne 3,5-4
Garn: Karisma frå Drops (mint) og Juvel (mørk gammelrosa)
Pinne: nr 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 50g + litt kvitt restegarn per sett

onsdag 3. september 2014

Clover Earflap Hat

"Clover earflap hat" gjekk som ein farsått på instragram tidligere i vinter. Eg slang meg på bølgen, men glemte rett og slett å blogge om den! Så da kommer den nå.


Oppskriften finnes kun på engelsk, men den er skrevet veldig detaljert, så den er fullt forstårlig selv for ein uerfaren strikkar. Den viser også steg-for-steg-bilder. 

Mønster: Clover Earflap Hat
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 3
Størrelse: 6-12 mnd
Garnforbruk: ca 38g