tirsdag 28. oktober 2014

Bobblelue

Når det går ein instagram-trend, skal ein ikkje så vekk ifrå at eg slenger meg med. Problemet er berre at eg som regel er så treig med å ta bilete at eg får ikkje plagga på bloggen/instagram før trenden har gitt seg litt. Men pytt pytt, betre seint enn aldri! Så her kjem bobblelua mi!

Dette er ei gratisoppskrift som du kan finne her. Eg måtte ty til youtube for å forstå korleis bobblene eigentlig blei strikka, for eg var så usikker på om eg forstod oppskrifta riktig. Etter å ha funne ein video viste det seg at eg hadde trudd rett, men berre verka så merkelig at eg følte at noko var feil! Men bobler blei det til slutt!

Lua er strikka i mintfarge
 Oppskrifta legg opp til at du strikker to stykker som du til slutt syr saman i sidene. Eg gjorde det på denne måten, men om eg skal strikke denne om att vil eg nok strikke den rundt og rundt. Mykje meir praktisk å sleppe å sy saman i sidene.

Frå siden

Mønster: Bobble Texture Hat
Garn: Alpakka frå Drops
Pinne: nr. 2,5
Garnforbruk: ca 38g
Størrelse: One size, vil tippe rundt 1 år



lørdag 25. oktober 2014

Djevellue i striper

Ei barselgåve laga i full fart! 


Oppskriften er hentet fra Gros blogg, og eg har strikke denne fleire gonger før. Veldig fin og enkel oppskrift, anbefalest!

 Fargekomboen blei ikkje heilt slik som eg hadde tenkt. Inspirasjon til luen og fargekombo fann eg på instagram, men der var det brukt litt meir duse fargar. Eg syns denne blei litt for "skarp" i fargen, men pytt pytt!

Mønster: Djevellue fra Gros Blogg
Garn: Alpakka frå Drops
Pinne: 2,5
Størrelse: 6 mnd

torsdag 16. oktober 2014

Garnsafari i København

I sommar var eg ein tur i København, og som alltid når eg er på storbytur sjekkar eg korleis det er med strikkebutikkar rundt om (tips knitmap.com). Eg fekk også tips frå brukarar på instagram. Ut ifrå dette fann eg min topp 3 butikkar eg ville besøke.

Første mann ut var Rasmilla. Butikken ligger på Amager, men er berre ein kort tur med t-banen frå sentrum. Eg tok banen frå Kongens Nytorv og gikk av etter 2 stopp. Då er det berre ca 10 min å gå til butikken, som ligger i ei rolig sidegate. Butikken var veldig koselig og hadde mykje fint garn! Og ikkje minst billig. Hadde det ikke vore for at eg hadde et reisefølge å ta hensyn til, kunne eg nok blitt der ein time eller to!

Rasmilla Garn & Strik

Ein fin "liten" pose fikk vera med heim!

Neste stopp var Sommerfuglen som ligger midt i sentrum. Denne fall ikkje like godt i smak hos meg. Dei hadde i grunn eit godt utval med garn, men det var ikkje så mykje garn som eg villa ha strikka med. Men eg fekk likevel med meg eit (veldig dyrt) hespe med garn. 

Sommerfuglen

Nøstet som fekk bli med heim pga den nydelige grønfargen!

Siste stopp rett før vi skulle fra heim var Tusindfryd. Eg hadde sjekka denne ut på nettet og det såg ut som ein veldig koselig butikk med fint garn, så eg gleda meg veldig. Men den gleden skulle vise seg å vera kortvarig, ettersom dei hadde sommerstengt! I ettertid fann eg ein notis om dette på heimesida deira, men dei hadde ikkje endra dette på "åpningstider", så eg fekk meg ein bomtur...Likevel fekk eg tatt nokon snikbileter mens eg var der. Denne skal i besøkast neste gong eg er i København! 




Eg vil sei at Rasmilla var min yndlingsbutikk i København, og hadde berre Tusindfryd vore åpen vil eg tru den hadde vore nr 2!