mandag 30. mars 2015

Popcorn drakt

Mønsteret på popcorn drakten har eg hatt liggande lenge, men fyst nå fekk eg rota meg til å prøve den. Eg trong ein ettårsgåve  og valet fall på den! Garnvalet fall på Cotton Merino frå Drops i syrin, ettersom eg hadde nokre nøtter liggande.



Baksida

Eg laga ein liten eigen vri på baksida der eg festa selane. Eg syns ikkje løsningen i oppskrifta var særleg praktisk, så eg laga heller hol i sjølve selen, og sydde i knapp på buksekanten.

Mønster: Pocorndrakt fra Paelas
Garn: Cotton merino fra Drops
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 1-2 år
Garnforbruk: rett over 2 nøster






søndag 8. mars 2015

Vintage romper med egen vri

Rundt juletider starta eg på ei gammaldags romperoppskrift, frå eit gamalt hefte. Det var ikkje eit skikkelig bilete av den, så eg visste ikkje heilt korleis den ville sjå ut. Eg kom ca så langt:


...når eg innsåg at oppskrifta var på ei bleiebukse, og ikkje ein romper... 
Så eg gjekk i tenkeboksen for å finne ei løysning på problemet, for eg ville ha ein romper, og ikkje bleiebukse. Eg innsåg at eg hadde ei lignende romperoppskrift liggande, som ville passe, og brukte denne som utgangspunkt for å fullføre prosjektet mitt. Og det funka! Eg blei fornøgd med resultatet :)

Framsida

Baksida

Bladmønster
  • Mønster: Bleiebukse fra Mamsell med egen vri
  • Garn: babyull fra Gjesdal
  • Pinne: nr. 3
  • Størrelse: 3-6 mnd
  • Garnforbruk: 76 g