lørdag 26. mars 2016

Bølgejakke

Fortsettelse på barselgåva frå forrige innlegg...

Barselgåve til jente
Ei jakke som aldri går av moten, etter mi meining, og passar like godt til jente som gut, er bølgemønsterjakka som eg kallar ho. Den er så utrulig fin, og bølgemønsteret gjer seg veldig godt. Denne strikka eg i same farge som romperen i forrige innleg

Mønster: Jakke (nr. 27704)
Hefte:Dalegarn hefte nr. 277
Garn: Babyull fra Dalegarn
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 2-4 mnd
Garnforbruk: ca 100g

Jakka strikka eg i størrelse 2-4 mnd slik at ho skulle få lang brukstid, og eg har fått høyre av mottakaren at den allereie har blitt mykje brukt, og passer enda! Det er jo alltid gøy å høre.


Eg syns jakka og romperen passar godt saman ettersom dei same flettene går igjen både på toppen av romperen og jakka.
Sukkersøtt sett
For at sette skulle vera komplett måtte eg også trikke ei hua. Sjølv om det er ei lue som høyrer til jakka, kunne eg ikkje dy meg med å bruke ei av mine favorittoppskrifter; Enkel babylue frå Nøstebarn. Den er så lett å legge strukturmønster på, og har så fin passform:

Mønster: Enkel babylue
Bok: Strikk til Nøstebarn
Garn: Babyull frå Dalegarn
Pinne: nr. 2,5
Størrelse: 3 mnd
Garnforbruk:21g
Lua har mottakaren allereie vekse utav, mens romperen og jakka framleis er passe. Men mora har diska opp med ny lue som ho har strikka sjølv, så då er det jo ingen problem!

Bølgemønster

Heile settet komplett:




mandag 21. mars 2016

Romper

Ettersom eg fortsatt heng etter på bloggen, og framleis visar ting eg strikka i fjor, er det vel på tide å få fingen ut og få publisert nokre innlegg! 

Før jul strikka eg to barselgåver til to nære venninner, den eine barselgåva var til gut og den har eg blogga om tidlegare, den andre barselgåva var til ei jente og den vil eg vise innhaldet av no! 

Gåva som blei avlevert i fjor høst
Første plagg ut er romper frå Sandnesgarn. Utrolig søt syns eg, og den blei veldig yndig i den fine duse lavendelfargen. 

Veldig søt romper med flettedetaljer
Romperen strikka eg i størrelse 0-3 mnd, men eg trur eg strikka litt lausare enn oppskrifta, for mottakaren har fyrst begynt å bruke den nå, og ho er nå over 3 mnd. Men då varer den i det minste lenge!


Eg syns ofte det kan vera vanskelig å finna fin matchande knappar, men denne gongen fann eg nokon som passa utrulig godt til fargen.

Knapper med innslag av blomster


Ettersom eg elsker body med krage blei også dette med i bareselgåva, det er jo så fint til rompere syns eg. 


Mønster: Nr. 3 Romper
Hefte: 1508 Tynn Merinoull
Garn: Babyull frå Dalegarn
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 0-3 mnd +++
Garnforbruk: 90g