tirsdag 10. mai 2016

Clara-inspirert romper

Det var ein periode for ei stund tilbake at den såkalte "Clarakjolen" gjekk som ein farsott på instagram. Meg inkludert strikka denne (dog etter ei anna oppskrift enn "clara-oppskriften"). Du kan sjå innlegget her. Nå har Sandnesgarn kome med ny oppskrift av denne kjolen i romperversjon. Sjøvsagt utrulig søt! Denne blei derfor strikka til ei barselgåve til ei lita jente. Eg gler meg til å sjå den på når ho blir stor nok! 


Mønster: Romper (nr. 7)
Hefte: Sandnesgarn 1515  søte små i babyull
Garn: Baby Merino frå Drops
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 6 mnd
Garnforbruk: 95g


Baksida

søndag 8. mai 2016

Olivias omslagsjakke og omslagsbukse

Det kom ei lita jente i vinter, og sjølvsagt måtte ho få litt varme klede i kulda! Valet denne gong fall nok ein gong på Olivias omslagsjakke frå Pickles. Eg liker så veldig godt kombinasjonen av glattstrikk og rillestrikk. Eg har strikka denne fleire gonger, du kan lese om det her og her. 

Mønster: Omslagsbukse
Nettside: Paelas.com
Garn: Tui fra Raumagarn
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 76g
Mønster:Lue m/øreklaffer
Bok:
Garn: Tui frå Raumagarn
Pinne: nr. 4
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 25g
Mønster: Olivias omslagsjakke
Nettside: Pickles.no
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne: nr. 4,5
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk: ca 100g


Fullt sett!

lørdag 7. mai 2016

Gave til babyshower

Eg har var i ein babyshowe tidlegare i vinter til ei venninne som skulle få ei lita jente. Det blei litt liten strikkefrist fra når eg fekk vete om babyshoweren til den faktisk var. Då måtte det bli noko småstrikk, og valget fall då på ei lita bleiebukse med matchande lue og garn frå garnlageret. Bleiebuksa er frå tiddelibom.no og lua er frå boka Klompelompe. 


Mønster: Olinelue
Bok: Klompelompe
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne: nr. 4
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 27g
Mønster: Hullmønstret kortbukse
Nettside: tiddelibom.no
Garn:Merino Extra Fine frå Drops
Pinne: nr. 3 og 3,5
Størrelse: 3.mnd
Garnforbruk: 48g + snor
Eit lite og søtt sett

torsdag 5. mai 2016

Bukse med fletter

For ei stund tilbake blogga eg om eit hentesett eg hadde strikka i barselgåve, flettejakke og flettebukse.  Den gongen eg starta på dette begynte eg å strikka det i babyull ettersom det var tiltenkt en vinterbaby. Opprinnelig skulle det ha blitt strikka i Lille Lerke. Men etter å ha strikka nesten ein fot fann eg ut at eg ville strikka det i Lille Lerke likavel. Derfor bytta eg garnet, men lot det vera igjen nok til å fullføre buksa. Denne buksa fekk eg rota meg til å fullføre i jula, tru det eller ei!


Eg fann også ei jakke i gåvekurven som eg syns var litt fin til:



Mønster: Bukse (nr. 29302)
Hefte: Dalegarn - Baby Hentesett (nr. 293)
Garn: Babyull fra Dalegarn
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 78g
Oppskrift på buksa ligg faktisk ute på Dalegarn sine sider gratis!


tirsdag 3. mai 2016

Pixieluer

I jula fekk eg dilla på Pixie-lua fra Paelas.com, og det gjekk hardt utover garnlageret til mamma. Heldigvis var det stort sett restegarn eg sneik til meg. 


Lua i lavendelfarge blei strikke mindre enn minste størrelse. Dette var enkelt gjort ved å redusere litt masker etc. Resultatet var ei lue på ca 3-6 mnd. 

Mønster: Pixielue
Nettside: paelas.com
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne: nr. 4
Størrelse: ca 3-6 mnd
Garnforbruk: 60g

Mønster: Pixielue
Nettside: paelas.com
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne: nr. 4
Størrelse: 6-12 mnd
Garnforbruk: 68g
Mønster: Pixielue
Nettside: paelas.com
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinne: nr. 4
Størrelse: 1 år
Garnforbruk: 82g