søndag 30. oktober 2016

Ein gammald klassiker: Russesokken

Det er ikkje ofte eg strikkar sokkar lengre, rett og slett fordi eg syns det er keisamt! Men når ei god venninne spør fint om dette til bursdagen sin var det berre å strikke! Det blei russesokkar, heldigvis går dei fort å lage. 



Mønster: Russesokker
Garn: Rubin
Pinne: nr. 3
Størrelse: dame
Garnforbruk: ca 1,5 nøste i hver farge




lørdag 29. oktober 2016

Snekkerstrikkebukse

For ei tid tilbake fekk ei god venninne av meg ein liten gut. I julegåve fekk ho "gavekort" på eit valfritt strikkeplagg av meg, ettersom eg ikkje hadde hatt tid til å lage noko, då eg nett hadde kome heim frå jorda-rundt-turen min. Ho valde etter kvart at ho ville ha snekkerstrikkebukse i str 1 år. Før somaren kom eg i gong med buksa, det tok litt tid, men den blei heldigvis ferdig i god til før han blei 1 år. Han satt som eit skot på den vesle sjarmøren!

Oppskrift: Snekkerstrikkebukse
Nettside: Paelas.com
Garn: Lille Lerke
Pinne: nr. 3,5
Størreølse: 1 år
Garnforbruk: 130g
Eg elskar fargen! 


Baksida

onsdag 26. oktober 2016

Olives jumpsuit i striper

Knitting for Olive har så utrolig mange fine oppskrifter! Den fyrste av oppskriftene henar eg prøvde, var Olives Jumpsuit. Den er utrolig søt, men den var ein del meir arbeid enn kva eg hadde tenkt før eg starta... Men andre ord, eg trur det er heller tvilsomt at eg kjem til å strikke den ein gong til. Men resultatet blei likevel supersøt! 

Oppskrift: Olives Jumpsuit
Nettside: knittingforolive.dk
Garn: Babyull frå Gjesdal
Pinne: nr. 2,5 og 3
Størreølse: 3 mnd
Garnforbruk: ca 135g
Garnforbruk:

Olives jumpsuit
 For å få eit komplett sett fann eg ei utrolig søt lue som eg tenkte ville passe veldig bra til. Og det viste seg eg hadde rett, den så ut som den høyrde til!

Heile settet

Eit tilbakeblikk til fine somardagar

Oppskrift: nr. 12 Lue
Hefte: Design baby 27 frå Raumagarn
Garn: Babyull frå Gjesdal
Pinne: nr. 2 og 2,5
Størreølse: 3 mnd
Garnforbruk: 37g

Baksida

Dress og lue

søndag 2. oktober 2016

Kjappstrikka drakt og pilotlue

Når du treng ein rask barselgåve er kjappstrikka drakt frå Paelas perfekt. Den går, som navnet tilsier, veldig raskt å strikke og den er veldig søt på. Denne gongen blei den strikka i Ekstra Fine Merino frå Pickles. 

Mønster: Kjappstrikka drakt
Nettside: Paelas.com
Garn: Ekstra Fine Merino (Pickles)
Pinner: nr. 4
Størrelse: 0-6 mnd
Garnforbruk: 50g


I tillegg til romperen strikka eg pilotlua frå Klompelompe. Ei enkel men veldig søt lue. 


Mønster: Pilotlue
Bok: Klompelompe
Garn: Ekstra Fine Merino (Pickles)
Pinner: nr. 4
Størrelse: 0-3 mnd
Garnforbruk: 20g