søndag 27. november 2016

Sommer-romper

Visste du at Dalegarn har lagt ut utrulig mange hefter gratis på si nettside? Både gamle og litt nyare hefter. I eit av heftene fann eg ein utrulig fin romper, som bar eit somarleg preg. Eg val derfor å strikke den i Lerke, som eg syns er eit fint somargarn. Og i den lekre fargen "kit" som eg syns er utrolig nydelig! Kjøpt på salg att på til!

Somarromper i Lerke
Nydelig flettemønster
Baksida

Mønster: Body (25702)
Hefte: Dalegarn nr. 257
Garn: Lerke
Pinne: nr. 3,5
Størrelse: 3-6 mnd
Garnforbruk:ca 86g

onsdag 23. november 2016

Kalinkaromperen, IGJEN!

Kalinkaromperen blir eg aldri lei! Lettstrikka, rask og søt! Den er også ei veldig kjekk barselgåve, nettopp fordi den er rask og enkelt å strikke, og den blir supersøt på ein ny verdensborgar. Denne gongen strikka eg den i mørk koksgrå, kanskje litt uortodoks til dei små, men saman med ein søt kvit kragebody blir det veldig bra trur eg.

Mønster: Kalinkaromperen
Nettside: Ministrikk.no
Garn: Merino Extra Fine frå Drops
Pinner: nr. 3,5 og 4
Størrelse: 6-12 mnd
Garnforbruk: 100g
Kvit strømpebukse og sko frå Holalola.no
Eller kva med litt curry? 
Flettedetaljer!
Curry og brunt!

onsdag 16. november 2016

Buksedress

Raumagarn kom for ei stund siden med eit nytt heftet "Babydesign 27". Det var fleire oppskrifter som var veldig fine, og eg prøvde meg på buksedressen. Eg må innrømme at eg angra litt når eg innsåg at det skulle strikkast på pinne nr. 2 og 2,5! Men ingen vei tilbake, det var berre å komme i gong og få fullført. Den blei i det minste søt! 

Mønster: Buksedress
Hefte: Babydesign 27 fra Rauma Garn
Garn: Babyull frå Gjesdal
Pinne: 
nr. 2 og 2,5
Størrelse: 6 mnd
Garnforbruk: ca 130g
Baksiden



søndag 6. november 2016

Baggy vårbukse

Baggy vårbukse, nok ei av ministrikk's faantastiske oppskrifter. Den er så utrolig søt! Denne buksa er også til ei god venninne, og den lille solstråla hennar. Den satt heldigvis som eit skot! 

Mønster: Babby vårbukse
Nettside: ministrikk.no
Garn: Lille lerke
Pinne: nr. 3,4 og 4
Størrelse: 1 år
Garnforbruk: totalt ca. 112g
(ca 20g rosa og resten grått)

Baggy vårbukse
Baggy vårbukse og pixielue

Sko frå Holalola.no

torsdag 3. november 2016

Umaro-teppe

Det var ein gong for veldig, veldig lenge sidan, nokre garnnøster som så veldig gjerne ville bli til eit teppe!

Eg måtte faktisk sjå inne på ravelry.com, for der hadde eg heldigvis lagra det som eit prosjekt, slik at eg fekk sett når eg starta på det. Og det var, i 2013!!! Det blei fyrst ferdig nå i år, så det tok faktisk 3 år! Men når eg ser på det nå, så var det verdt det, for det blei utrulig fint. Eg likar veldig godt mønsteret.

Litt småjusteringer blei gjort når eg starta på teppet, eg justerte maskeantallet noko, i og med at eg ikkje strikka med same garn, og med andre pinnar. Resultatet blei bra!

Oppskrift: Umaro
Garn: Nepal frå Drops
Pinne: nr. 6
Størrelse: 90 x 105 cm
Garnforbruk: 572g
 
Detaljer